Bingoomsetninga går ned

Entreprenørbingo omsette for 1,9 milliardar kroner første halvår 2016. Til samanlikning var tilsvarande omsetning 4,1 milliard for heile 2015.  Til lag og organisasjonar vart det i første halvår 2016 overført 95 millionar kroner eller 5 prosent av brutto omsetning. Tilsvarande var overføringa 205 millionar kroner i 2015.

Liten auke for Belago

Norsk Tippings Belago-terminalar er utplassert i bingolokale, og formålsinntektene går til same formål som har inntekt frå dei andre spela i bingolokalet. I første halvår 2016 fekk formåla 30,6 millionar frå Belago. Tilsvarande tal var 59 millionar for heile 2015.

Sjå heile bingostatistikken for første halvår 2016.