Seniorrådgjevar i Lotteritilsynet, Trude Felde, er vald til ny president i IAGR. Dette skjedde under IAGR-konferansen i København i går.

IAGR (International Association of Gaming Regulators) er ein verdsomfattande organisasjon og fungerer som eit forum for dei nasjonale pengespelmyndigheitene rundt om i verda. Målsettinga er å dele erfaringar rundt regulering av pengespel og gambling.

Felde har det siste året vore visepresident og tek no over presidentvervet etter Dale Fuga frå Canada.

– For meg er det viktig å bidra til å gjere IAGR til ein global organisasjon, der mangfald og balanse mellom regionane må stå i sentrum. I år lukkast vi i å skape eit konferanseprogram som reflekterte mangfaldet i organisasjonen, gjennom temaene vi hadde på dagsorden. Foredraghaldarar frå fem regionar/verdsdelar var representert ved ulike yrkesgrupper, kulturar og med betre kjønnsbalanse enn tidlegare år. Eg ser fram til å bidra til å føre IAGR framover som ein global, moderne og framtidsretta organisasjon for pengespelmyndigheiter, seier Felde.

– Mange land ser til oss i Norge. Norge er ein liten marknad i pengespelsamanheng, men vi er ganske langt framme på mange måtar. Medan det til dømes er mykje hemmeleghald i andre land, er det heilt ope hos oss. Vi jobbar for ansvarlege pengespel, og brukar ofte informasjon i staden for bøter når vi ser regelbrot. Andre ønskjer å lære av oss, avsluttar Felde.