Norske telefonabonnentar har mottatt mellom ein og fire SMS-ar på kort tid, der dei blir oppfordra til å besøke nettsida MrDeal.no for å spele hos LeoVegas. LeoVegas er eit utanlandsk spelselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel i Norge.

MrDeal.no er eigd av selskapet «Dot no nameisp nr. 52». Selskapet har no fått varsel om umiddelbart å stanse marknadsføringa og formidlinga av lotteri- og pengespel som ikkje har løyve i Norge. Varselet gjeld både SMS og nettstaden MrDeal.no.

Vårt varsel om vedtak med pålegg om stans finn du her.