Lotteritilsynet har fått fleire tips frå nordmenn om ulovleg reklame for LeoVegas og CasinoRoom, to pengespelselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel i Norge. Reklamen er sendt på SMS frå MrDeal til norske mobilabonnentar.

Det er forbode å marknadsføre og formidle pengespel som ikkje har løyve i Norge. Lotteritilsynet har difor varsla om at vi vil gjere vedtak med pålegg om stans dersom den ulovlege verksemda ikkje blir avslutta.

Bakgrunnen for varselet er at vi i ein periode har mottatt mange tips og klager frå nordmenn som har fått slike tekstmeldingar. I fjor reagerte vi også mot eit norsk selskap som stod bak same utsending. Forbrukerombodet har også reagert mot denne utsendinga fordi den er brot på marknadsføringslova, og har gitt det svenske selskapet eit gebyr på kr 175 000.

Varselet er sendt til Mobajl AB som er selskapet som står bak tenesta MrDeal, og har fått frist til 3. april for å svare. Varsel om vedtak frå Lotteritilsynet med pålegg om stans finn du her.