Norsk Tipping har innført si nye tapsgrense. Dermed kan ingen tape meir enn 20 000 kroner i månaden på å spele hos Norsk Tipping – uansett kva for spel du satsar på. Unntaket er Flax-lodd som du kjøper i kiosken.

Maksimale grenser på tap i pengespel er så langt i stor grad eit norsk fenomen. Årsaka er ei dyrekjøpt erfaring  vi gjorde for eit tiår sidan, på den tida då tusenvis av gevinstautomatar stod utplasserte overalt. Skulle du innom butikken for å handle brød og mjølk, måtte du mange stader passere det som på sett og vis var eit «mini-kasino».

På slike automatar kunne spelarane tape store summar på kort tid. Resultatet var at mange utvikla store speleproblem, ofte med alvorlege økonomiske og sosiale konsekvensar som resultat.

Ville unngå store tap

Sommaren 2007 forsvann alle gevinstautomatane bokstavleg tala over natta. Då stod ein ting klart: Dersom vi meinte noko med begrepet «ansvarlege pengespel», så måtte vi i framtida unngå at nye pengespel påfører folk store tap på kort tid. Det var Lotteritilsynet og andre ansvarlege styresmakter klare på, og det same galdt andre som jobba for at vi skal ha ein ansvarleg pengespelmarknad – støttegrupper, behandlingsapparatet osv.

Terminalspela Multix og Belago skulle på eit vis erstatte den gamle automatmarknaden. Då desse spela kom, vart det innført grenser for kor mykje du kunne tape på ein dag eller på ein månad. Slike terminalspel har eigenskapar som i utgangspunktet gjer dei til aggressive pengespel. Likevel ser vi at tapsgrensene fungerer. Forsking og andre kjelder viser at Multix og Belago i liten grad skaper nye problemspelarar.

Dei gode erfaringane med terminalspela har ført til krav om grenser og grenseverktøy i andre spel.

Talet på spelarar med speleproblem har vore stabilt lågt i Norge nokre år, og det er eit prov på at styresmaktene har lykkast å lage ansvarlege rammer rundt pengespela. I den regulerte pengespelmarknaden er brutto omsetning dobla sidan 2008, utan at det har ført til at talet på problemspelarar har auka.

Mange spelar med risiko

Samstundes skal vi ikkje gløyme at vi har ei stor gruppe med ei speleåtferd som gjer dei til risikospelarar. Lotteritilsynet offentleggjorde den siste befolkningsundersøkinga sist vår, og her var talet på problemspelarar og moderate risikospelarar 122 000 – dei fleste var risikospelarar. Det er sjølvsagt heile denne gruppa av spelarar den nye tapsgrensa er til for, saman med alle dei andre tiltaka som påverkar speleåtferda.

I dag er maksimale tapsgrenser eit sikkerheitsnett slik at ingen skal kunne spele seg frå gard og grunn hos Norsk Tipping. Men med tanke på å førebyggje speleproblem, finst det eit endå viktigare tiltak for dei mest risikofylte spela: Eigne grenser som spelarane sjølve må setje på mange spel før dei startar. Slike grenser må liggje under den maksimale grensa.

Fagfolk på speleåtferd seier dei personlege grensene er viktige for å førebyggje speleproblem. Då set spelaren sjølv ei realistisk grense med tanke på kor mykje spelaren maksimalt vil og bør tape den neste månaden.

Norsk Tipping veit at den nye grensa for kor mykje du kan tape, vil gi ein viss nedgang i omsetning. Dermed veit også alle som nyt godt av overskotet frå selskapet at det heretter blir litt mindre pengar i kassa.

Til gjengjeld blir det litt færre nordmenn som utviklar speleproblem. Det er dette som heiter ansvarlege pengespel i praksis.