Stortinget vedtok i fjor å vidareføre dagens pengespelmodell. Likevel er det på dette området vi blir utfordra mest. Samfunnet er i stor endring, og 2017 baud på store og ressurskrevjande saker både for Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.

Heile årsrapporten kan du lese her.

Trass nokre stabile trekk har også 2017 vore eit år med endring og omstilling. Samfunnet endrar seg. Teknologien endrar seg. Vi endrar oss. Også brukarane våre går meir og meir over til digitale flater, noko vi m.a. ser i tal organisasjonar som rapporterer rekneskap via Altinn, auken i trafikk på nettstaden vår, auken i bruk av digitale skjema og opplevd nedgang i tal telefonar og brev. Teknologisk utvikling og eit samfunn i rask endring er utfordrande for oss som tilsyn, og det krev at vi utviklar oss i same takt på alle område. Som tilsyn må vi vere proaktive. Vi må vere målretta og framtidsorienterte når det gjeld rekruttering og kompetanse, og vi må gjere gode prioriteringar for korleis vi best kan nytte ressursane våre.

Endring

Rask utvikling krev rask endring, og vi reviderer strategien vår kvart år. Strategien hjelper oss med å arbeide systematisk og målretta. Vi skal tilby brukarvenleg sjølvbetening, auke kunnskapsproduksjonen og -formidlinga på våre fagområde, gjere meir tilsynsarbeid gjennom fornying og effektivisering, sikre at vi er ein attraktiv arbeidsplass med kultur for endring, og styre heilskapleg. Vi gjer det ved hjelp av verdiane våre: truverdige, hjelpsame og samhandlande. Vi gjer det gjennom å modernisere og digitalisere arbeidsprosessane våre for å frigjere tid og ressursar til samfunnsoppdraget vårt. Og vi gjer det gjennom organisasjonsendring for å tilpasse oss til stadig meir komplekse fagområde. I 2017 starta vi derfor arbeidet med å omorganisere Lotteritilsynet og IT-avdelingane våre.

Sjølv om våre 73 tilsette opplever høg endringstakt, er dei økonomiske rammene relativt stabile. Rekneskapen vår ved årsslutt viser at driftsnivået vårt er tilpassa tilsynets utgiftsrammer og inntektsmodell. Samstundes ser vi at satsinga på utvikling av effektive og brukarvenlege systemløysingar kostar. Dette gjeld både eigne ressursar og tenestekjøp. Det er ei kjensgjerning at vi må investere for å oppnå ønskt effektivisering, og her er gode planar avgjerande for å treffe mål. Satsing på moderne digitale løysingar til nytte for brukarane står like fullt høgt på prioriteringslista, og kjem til å gjere det også i framtida.

Anleggsregister i ny versjon

Eit eksempel på ei slik satsing er at vi dei siste par åra har lagt ned mykje arbeid i å utvikle ei ny digital løysing for handtering av Kulturdepartementets tilskotsordningar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og kulturbygg. Første versjon blei lansert i 2017. Jobben med å utvikle løysinga har vore gjort på oppdrag frå og i tett dialog med departementet og brukarane, og tilsynet har også fått ansvar for å drifte løysinga.

Vi arbeider mykje med frivillig sektor, og det å bidra til at frivillige organisasjonar får brukarvenlege løysingar, er heilt i tråd med vår strategi. Nytt anleggsregister er òg eit døme på at godt samarbeid med bruk av ulike typar kompetanse gir gode sluttresultat. Vi er stolte av å ha bidratt til utviklinga av eit godt anleggsregister.

Pengespelfeltet krev ressursar

Pengespelmarknaden er i stor grad prega av globalisering og teknologiutvikling, noko som utfordrar samfunnsoppdraget vårt. Her er vi til stades på mange arenaer for å vareta rolla som tilsyn. Vi deltar og har leiande verv i internasjonale samarbeidsforum, og vi støttar aktivt opp om departementet sitt reguleringsarbeid. Å oppdage, vurdere og reagere overfor aktørar som etter lova ikkje skal ha innpass på den norske pengespelmarknaden, er eit av  våre mest krevjande område. Likevel viser pengespelstatistikken at marknaden er relativt stabil.

Det meir tradisjonelle lotteriområdet, som omfattar bingo og lotteri, har dei seinare åra vore utan store svingingar. Vi har i dag drygt 5 400 lotterigodkjende organisasjonar. Inntekter frå bingo gir eit vesentleg bidrag til økonomien i eit stort tal frivillige organisasjonar. Meir enn 3 500 organisasjonar har i dag inntekter frå bingo, og dette talet har vore stabilt.

Ordningane for momskompensasjon som tilsynet forvaltar, har i tal søknader og samla beløp auka jamt. Stortinget er opptatt av rammevilkåra for frivillig sektor, og rammene for dei kompensasjonsordningane som vi forvaltar, har blitt utvida for å møte behovet. Dette er det området i Lotteri- og stiftelsestilsynet som dei siste fem åra har hatt den prosentvis største auken målt i saksmengde. Samtidig har vi gjennom å effektivisere arbeidsprosessar greidd å halde administrasjonsdelen for tilskotsordningane på eit svært lågt nivå. På den måten kan auka løyvingar til frivillig sektor i sin heilskap gå til formålet.

Eit handlekraftig stiftelsestilsyn

Stiftelsar som ikkje følgjer lova undergrev den viktige samfunnsrolla stiftelsesordninga har. Stiftelsestilsynet har dei siste åra lagt vekt på å frigjere ressursar frå søknadshandsaming til aktivt tilsyn. Stiftelsestilsynet ser på om stiftelsen driv forsvarleg og i samsvar med Stiftelseslova og vedtektene. I mange saker avgrensar tilsynet seg til kritikk, som styret følgjer opp. Dersom det er vesentlege avvik tek tilsynet grep, og iverkset tiltak. I 2017 har Stiftelsestilsynet avsett sju styre. Tre av vedtaka er framleis under klagehandsaming. I tillegg har styret i tre stiftelsar gått frivillig etter varsel om avsetting.

Stiftelsestilsynet ønskjer å dele og utveksle kunnskap med stiftelsar i Noreg. Eit tiltak for kunnskapsbygginga er stiftelseskonferansen, som blei arrangert for sjette gong i 2017. Denne gongen var omdøme, etikk og god kommunikasjon tema. Gode evalueringar på fagleg innhald og konferansen som arena og møteplass, viser at stiftelseskonferansen er ein vellukka strategi for dialog og kunnskapsdeling.

Internkontroll og heilskapleg styring

I seinare år har tilsynet arbeidd mykje med internkontroll. Gode styringssystem, kvalitets- og avvikssystem og ikkje minst god gjennomføring av internkontroll i verksemda er viktige tiltak. Vi innførte mot slutten av året eit nytt system for verksemdsstyring. Systemløysinga omfattar per i dag verksemdsplan, risikovurderingar og rapportering. Målet er å samle alle slike element i ei og same løysing, og såleis bidra til å sikre heilskapleg styring av verksemda.

Hausten 2017 sette vi i gang med kompetanseoppbygging og planlegging knytt til den nye personvernlovgivinga, GDPR. Som eit første ledd i denne jobben har vi tilsett eit personvernombod. Riksrevisjonen har etter revisjon ingen merknader.

Trivsel er viktig

Vi gjennomfører årleg ei medarbeidarundersøking som gir auka kunnskap om arbeidsmiljøet og dei tilsette si oppleving av arbeidssituasjonen i tilsynet. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vi har, og resultatet viser framgang samanlikna med tidlegare.

Det er gledeleg at sjukefråværet også i 2017 var lågt, og den positive utviklinga har stabilisert seg på eit sjukefråvær på 3,1 %. Det er elles bra for organisasjonen at vi har god balanse mellom menn og kvinner (50/50).

Lotteri- og stiftelsestilsynet har gode medarbeidarar med høg kompetanse som kvar dag gjer sitt beste for at vi skal løyse samfunnsoppdraget på ein god måte.

Heile årsrapporten kan du lese på ISSUU, eller last ned årsrapporten i PDF.