Ei ny forskrift i 2010 skulle sette ein effektiv stoppar for utanlandske spelselskap sine inntekter i Norge. Men berre i fjor spelte norske spelarar vekk om lag 1,5 milliardar kroner på utanlandske pengespel. Kvifor verkar ikkje forbodet etter intensjonen? Og kva gjer Lotteritilsynet?

Lotteritilsynet intensiverte i vår informasjonsarbeidet om pengespel for å gje tydeleg beskjed om at utanlandske pengespelselskap ikkje har lov til å tilby eller marknadsføre sine spel i Norge. Dei siste åra har vi sett eit stadig større trykk i marknadsføringa frå utanlandske spelselskap. Korleis skal vi klare å stoppe denne ulovlege aktiviteten? Eitt av tiltaka er å effektivisere forbodet mot formidling av betaling til utanlandske spelselskap. Norske bankar og andre finansinstitusjonar har nemleg ikkje lov til å overføre pengar direkte til utanlandske pengespelaktørar. Forbodet gjeld både innskot og utbetaling av gevinst.

Les også Bergens Tidende 31. august: “Norge innførte betalingsforbud i 2010 – fortsatt renner milliarder ut av landet”.

Potensielt særs effektivt

Berre tenk tanken: alle forsøk frå ein spelar i Norge på å sette inn pengar på ein spelekonto i eit utanlandsk spelselskap vert automatisk stoppa. Det same vert utbetalingar av gevinst. Det vil vere lite attraktivt å spele på pengespel der ein får problem med å sette inn pengar, og ikkje minst risikere å ikkje få utbetalt gevinsten sin. Dette er difor i teorien ein særs effektiv måte å ramme aktiviteten til dei utanlandske spelselskapa i Norge på, og hadde truleg satt ein effektiv stoppar for deira ulovlege eksistens i Norge. Men slik er det altså ikkje. Kvartalsvise undersøkingar frå Lotteritilsynet viser at det er eit stabilt tal nordmenn som seier at dei spelar hos utanlandske pengespelselskap i perioden 2011-2015. I fjor var det om lag 250 000 nordmenn som spelte hos utanlandske spelselskap. Og ser vi på den type spel som dei utanlandske selskapa tilbyr; nettkasino, odds/liveodds, nettpoker og online bingo, er marknaden totalt på 2,5 milliardar kroner. Dei utanlandske spelselskapa står for heile 60 prosent av denne omsetninga. Kva har skjedd? Kvifor fungerer ikkje forbodet slik det var tenkt?

Omgår forbodet ved å bruke andre selskap

Det som skjedde var at dei aller fleste utanlandske spelselskapa med stor omsetjing frå norske kundar innførte nye betalingsløysningar for å omgå forbodet. Dette gjorde dei ved å la pengeoverføringane frå norske spelarar gå via selskap som driv med betalingsformidling, det vi kallar eit tredjepartsselskap, i staden for direkte til spelselskapet. Dette har gjort det vanskeleg for bankane å oppdaga overføringar som til sjuande og sist endar hos utanlandske spelselskap. Alle pengeoverføringar må ha ein varekode, og norske bankar stoppar overføringar som har varekoden for pengespel.  Problemet er at desse betalingsformidlarane gjennomfører transaksjonane ved å nytte andre varekodar. Som oftast er betalingsformidlaren si løysing integrert i nettsida til spelselskapet, slik at det ikkje er lett for spelaren å sjå at pengane ikkje går direkte til spelselskapet. Denne omgåinga av forbodet er problematisk av fleire grunnar. Ikkje berre har dette gjort det vanskeleg for bankane å stoppe transaksjonar til spelselskap, det har også gjort det mykje lettare for norske spelarar å spele på utanlandske pengespel på nett med pengar dei ikkje har.

Alvorlege konsekvensar for dei som spelar

Det skal eigentleg ikkje vere mogeleg for norske spelarar å bruke kredittkort når dei spelar hos utanlandske spelselskap. Kredittkorta har ein innebygd sperre mot transaksjonar til selskap med varekoden for pengespel. Men sidan transaksjonane no går via tredjepartsselskap som bruker andre koder, går pengane likevel gjennom. Dermed kan norske spelarar spele for pengar dei ikkje har, og i verste fall opparbeide seg stor kredittkortgjeld. Lotteritilsynet får med jamne mellomrom e-postar eller telefonar frå fortvilte spelarar eller familien deira, som har opplevd å spele vekk store summar på pengespel ved bruk av kredittkort. Hjelpelinja for speleavhengige og hjelpeapparatet elles fortel også om mange som set seg i stor gjeld etter å ha spelt på utanlandske pengespel på nett. Seinast såg vi konsekvensane av dette på programmet Luksusfellen på TV3, som vi tidlegare har omtala på fagbloggen. Dette er ein særs alvorleg og uheldig biverknad av betalingsformidlingsforbodet. Så kva gjer Lotteritilsynet? Korleis skal vi klare å få effektivisere av eit forbod som så langt ser ut til å ha hatt liten effekt, og som i tillegg gjer det lettare å opparbeide seg spelegjeld?

Har identifisert betalingsformidlarane

Lotteritilsynet  gjennomførte ein kontroll mot forbodet i 2015.  Gjennom testspeling identifiserte vi ei rekke tredjepartsselskap som formidla innskot vidare til pengespelselskap. Bankar og finansinstitusjonar i Norge har mottatt eit informasjonsskriv med ei oversikt over desse selskapa. Vår erfaring er at bankane er samarbeidsvillige og ynskjer å finne gode løysingar for å effektivisere forbodet. Dei ser at det inneber stor risiko for dei å ikkje å ha oversikt over slike betalingstransaksjonar. Men det er likevel ikkje enkelt for bankane å få stoppa desse transaksjonane i praksis. Bankane har i dag sperrer for transaksjonar basert på varekoder, men det er få bankar som har klare system for å stanse transaksjonar knytt til namn på tredjepartsselskap. Det er for ressurskrevjande å gjere dette manuelt. Bankane har kommunisert til oss at dersom ein skal utvikle eit slikt system er det ein fordel at det blir utvikla for alle bankane. Vi ser også at bankane er usikre på regelverket og kva transaksjonar dei er pliktige å stoppe, og kva transaksjonar dei bør sjekke nøyare. Vi er også i dialog med MasterCard og rapporterer transaksjoner der vi ser at feil varekode er brukt. Dette har ført til at fleire transaksjoner er stoppa.

Vegen vidare

Lotteritilsynet jobbar i år vidare med å finne tiltak og system som kan effektivisere forbodet, og vil halde fram dialogen med bankar og andre finansaktørar. Vi meiner det viktigaste no er å få stoppa transaksjonar til tredjepartsselskapa som gjennomfører innskot til dei utanlandske spelselskapa. Difor held vi fram med testspeling for å avdekke kva tredjepartsselskap som blir brukt og informere dei aktuelle bankane om desse. Vi vil også halde fram dialogen med kortselskapa, og jobbe for å gjere forbodet betre kjent blant spelarar, hjelpeapparat, interessegrupper og andre aktørar i pengespelmarknaden. Til slutt vil vi vurdere om det er behov for enkelte endringar og presisering av regelverket. For samfunnsoppdraget vårt er klart:  Vi skal beskytte sårbare grupper og sørge for at færrast mogeleg får problem med pengespel. Skal vi lukkast med dette, må vi stoppe dei utanlandske selskapa som tilbyr og marknadsfører sine pengespel i Norge trass i at dei ikkje  har løyve til det.