Brukarar av Lotteri- og stiftelsestilsynet blir stadig meir digitale og er jamt over godt tilfreds med oss. Vi skårar høgast på tillit, serviceinnstilling og kompetanse. Det viser ei stor brukarundersøking gjort hausten 2018.

Brukarundersøkinga for 2018 kan du lese her.

Resultatet vitnar om at overordna tilfredsheit er særleg høg blant brukarar av våre tilskotsordningar, for eksempel momskompensasjonsordninga, og blant brukarar av Lotteritilsynet. Stiftelsestilsynet ligg noko lågare, men også den er høg og har ein signifikant auke i brukartilfredsheit samanlikna med 2015. Totalt ligg vi mellom 73 og 86 på indeksen, der alt over 70 er rekna for å vere bra.

sammenligning brukergruppe

I målinga frå 2018, der til saman 2381 brukarar svarte, ser vi også at vi over tid har utvikla oss i positiv retning i alle kategoriane. Desse er heilskapleg vurdering, tillit, oppfylle krav, komparativt, informasjon og rettleiing, serviceinnstilling, kompetanse, nettsider og brukartilfredsheit.

Fleire digitale brukarar

Brukarundersøkinga fortel oss også at det er ein betydeleg større del som ønskjer å få informasjon frå oss via digital postkasse i Altinn samanlikna med i 2015. Omvendt er det ein betydeleg større del som svarar at dei ikkje vil ha brev sendt i posten. Dette er positivt med tanke på omlegginga til digital post i 2016.

Det er analysebyrået Epinion som saman med kommunikasjonsbyrået Trigger har gjennomført brukarundersøkingar for oss. Formålet med den kvantitative undersøkinga var å måle brukaranes tilfredsheit med ulike forhold knytt til Lotteri- og stiftelsestilsynets verksemd. I den supplerande kvalitative delen, undersøkte vi opplevingar av brukarreiser gjennom intervju av enkeltaktørar i grupper. Vi har gjort denne type brukarundersøkingar sidan 2011 og resultata har kvar gong danna grunnlag for vidareutvikling av vårt arbeid.

Den fjerde brukarunderskinga i rekka

Det er brukarar som har vore i kontakt med oss i løpet av dei siste 12 månadane som har deltatt i den kvantitative undersøkinga. Den blei gjennomført på e-post i løpet av tre veker frå oktober til november. Alle dei kvantitative brukarundersøkingane – frå 2011, 2012, 2015 og 2018 – er i det meste samanliknbare.

Du finn alle brukarundersøkingane her.

Ei stor takk til alle som har tatt seg tid til å svare på den kvantitative undersøkinga og til dei som har deltatt i den kvalitative undersøkinga. Vi skal bruke resultata målretta til å bli endå betre.