Staten stiller stadig større og meir konkrete krav til arbeidet i dei underliggjande etatane sine. Vårt daglege arbeid skal stadig meir styrast av det vi ofte kallar for vurdering av risiko og vesentlegheit.

Risiko som verktøy for ei heilskapleg leiing i verksemda var eitt av fleire tema då eg saman med vår administrasjonsdirektør Bjørn Øen nyleg deltok på ei samling av leiarar i Kulturdepartementet (KUD) og i etatar under departementet.  Både i lotteri- og stiftelsessaker er vi ein del av dette departementet sin portefølje som spenner frå  kultur i vid forstand  til kyrkje- og mediesaker og altså  pengespel og stiftelsar.

Dessutan koordinerer KUD den statlege politikken i den imponerande store frivillige sektoren her i landet – også kalla for den sivile sektor som kjem i tillegg til den offentlege og den private.

Brukar metodikken aktivt

Lotteri- og stiftelsestilsynet var, saman med vår ekspedisjonssjef Nina Økland, utfordra til å gjere greie for metodikken kring vår eiga risiko- og vesentlegheitsstyring.

Vi var ferdige med vår eigen tilsynsmetodikk for to år sidan, og denne brukar vi aktivt i vårt tilsynsarbeid både i Lotteritilsynet og Stiftelsestilsynet. Eitt av poenga med ein slik metodikk er at vi skal tenkje risiko før og etter tiltak. Når vi avdekkar høg risiko, skal tiltak setjast inn for å redusere sjansen for feil og redusere potensialet for negative konsekvensar.

Vår bodskap var likevel at det er viktig at vi ikkje går for langt og gjer ein slik tilsynsmetodikk til eit mål i seg sjølv. Faren er nemleg at vi kan misse den nødvendige forankringa ute i avdelingane – vurderingane kan få meir preg av å vere øvingar ved skrivebordet.

For mykje kontroll?

Samstundes er det viktig å merke seg eit innspel som førsteamanuensis Aksel Mjøs nyleg hadde i Dagens Næringsliv. Han åtvarte mot at stadig fleire av dei beste talenta i det offentlege jobbar med kontroll og dokumentasjon framfor å levere produkt og tenester til samfunnet og brukarane sine.

Mjøs sin bodskap er at leiarane i staten ikkje må gå i den fella at dei blir for opptekne av å redusere si personlege risikoeksponering ved at for mykje ressursar blir sette inn på akkurat dette.

Det er fleire år sidan den førre etatleiarsamlinga i regi av Kulturdepartementet. Det er alltid like nyttig å møte dei overordna i departementet på ein annan arena enn ved dei halvårlege  styringsdialogmøte. Og ikkje minst var det spennande å møte den nye politiske leiinga i departementet.

Velkomen til Førde

Kulturminister Thorhild Widvey nytta høvet til å fortelje leiarane at ho har som mål å vitje alle KUD sine underliggjande etatar det komande året. Vi ser fram til at ho tek turen til Førde!

Gjennom regjeringsplattforma til regjeringa Solberg veit vi at vi etter kvart kan venta oss endringar og justeringar i pengespelpolitikken. I tillegg flagga statssekretær Knut Olav Åmås i et innlegg på seminaret at stiftelsar og filantropien blir viktige i finansieringa av kulturlivet framover.

Dette er politiske tankar som gler Stiftelsestilsynet som nyleg kunne dokumentere kor mykje pengar som årleg faktisk går frå dei pengeutdelande stiftelsane – for eksempel til kultursektoren.  Rundt tre milliardar kroner i året blir delt ut, og av dette gjekk ca. 12 prosent til kultur i perioden frå 2009 til 2011.