Når du går på det juridiske fakultet er det lett å bli opphengt i den private sektoren. Overalt på fakultet møter vi store advokatfirma. Det gjeld til dømes på arbeidslivsdagar, og når det gjeld  marknadsføring, føredrag og privat rettleiing. Men kva høyrer vi om det offentlege?

Ord som sakshandsaming går igjen, i tillegg til at det er gode pensjonsordningar. Offentleg sektor er plassen mange jusstudentar tenkjer dei skal jobbe når dei er ferdige med karrieren og er klare for å cruise inn i pensjonisttilværet.

Etter å ha gått nokre år på jussen tenkte eg det var på tide å få ein relevant sommarjobb, og så vart det Lotteritilsynet. Eg visste lite om innhaldet i jobben, anna enn at det handla om pengespel. Samstundes var eg usikker på kva denne marknaden eigentleg omfatta.  På fakultetet er det ikkje mange plakatar eller føredrag som fortel om dette.

Variert arbeidsdag

Eg fann fort ut at Lotteritilsynet hadde ein mykje meir variert arbeidsdag enn kva eg hadde førestilt meg. Til mi store overrasking lærde eg til dømes at vi her i landet  har ein stor norsk bingomarknad med fleire milliardar kroner i omsetning kvart år.

Tilsynet er tilsynsorgan for dei store monopolselskapa Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. Men det finst også ein stor privat lotterimarknad der  tusenvis av lag og organisasjonar skaffar seg inntekter – bingomarknaden er ein del av denne. I tillegg får mange pengar frå overskotet i Norsk Tipping og gjennom Grasrotandelen, for ikkje å gløyme fordeling av pengar som er kompensasjon for moms i lag og foreiningar.

For Lotteritilsynet er det viktig å jobbe for at det ikkje oppstår ulovlege pengespel, og hindre at slike pengespel marknadsfører seg. Det er også tilsynet si oppgåve å stoppe ulovlege pyramidar som  dukkar opp i den norske marknaden.

Ansvarlege pengespel

Den regulerte norske pengespelmarknaden var større enn eg var klar over. Brutto omsetning var i 2013 heile 30,8 milliardar. Det forklarer kvifor politiske styresmakter aktivt har brukt tilsynet  for å kjøle ned og ansvarleggjere pengespelmarknaden i dei pengespel der det er behov for slike tiltak .

Alle på jussen veit at om du får jobb i lovavdelinga har du skote  gullfuglen. Som jusstudent rekna eg med at jobben i Lotteritilsynet mangla «action», men der tok eg skammeleg feil. Eg fann raskt ut at kollegaene min jobba med mange spennande saker. Det gjeld til dømes samanslåing av forskrifter, utarbeiding av ny pokerlovgjeving,  teknologien sin påverknad på  pengespel, kva for organisasjonar  som har rett på lotteriinntekter. Ein kollega sat til og med i forhandlingar med YouTube om fjerning av reklame. Dette er jo lovavdeling pluss pluss!

Unik fagkompetanse

Lotteritilsynet har ein kompetanse innafor sitt fagområde, pengespelmarknaden, som lovavdelinga ikkje har. Lovavdelinga må gjerne sitje og pirke på ord for min del, men faktisk å utforme reglane kan dei overlate til tilsynet.

Mitt møte med Lotteritilsynet vart annleis enn det eg hadde venta. Difor forstår eg no kvifor det er behov for streng regulering. Eg har møtt folk som har opparbeidd  seg ein unik kunnskap om det frivillige Noreg, om pengespelmarknaden generelt og korleis lovlege og ulovlege aktørar jobbar for å nå spelarane. Livet i Lotteritilsynet er kort og godt unikt, og det skjer stadig noko som gjer at dagen blir heilt annleis enn du trudde då arbeidsdagen starta.

Offentlegheit viktig

Eg likte også at Lotteritilsynet er oppteken av at så mykje som mogleg av sakshandsaminga er offentleg. Å arbeide på ein gjennomsiktig måte er viktig i dagens samfunn, og det vart lagt vekt på at tilsynet sine nettsider er oppdaterte og lette å finne fram på. Arbeidet i tilsynet er det motsette av å sitje på eit kontor og halde korta tett inntil brystet fram til rettssaka kjem opp.

Kort sagt, så var mitt møte med Lotteritilsynet sommaren 2014 er eit møte eg ikkje kjem til å gløyme.