Som jusstudent er det få moglegheiter for praktisk erfaring under studie, særleg i det offentlege. Det er også spesielt vanskeleg å få relevant arbeid i sommarmånadene. For oss vart redninga Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Av: Ida Marie Bu og Sjur Løbø Solhaug.

Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde er eit statleg organ med to underliggjande fagtilsyn. Som sommarvikarar ved Stiftelsestilsynet var vi svært spente på kva sommaren ville bringe når vi gjekk inn dørene den første dagen. Vi må nok innrømme at kunnskapen om stiftelsar i utgangspunktet var vaklande, men vi var ivrige etter å komme i gang og lære oss å bruke jussen aktivt. Etter eit intensivt introduksjonsforedrag frå seniorrådgjevar Øystein Fosstvedt blei vi kasta ut i den djupe enden av bassenget. Det var tid for å ta til med våre første saker.

Interessante arbeidsoppgåver

Stiftelsestilsynet har ansvar for å føre tilsyn med og vurdere ei rekke avgjerder som norske stiftelsar føretek. Vi blei den første dagen tildelt eige kontor og ei mengde saker om mellom anna  vedtektsendring, kapitaljustering, nyregistrering og oppheving.

I tillegg til saksbehandling fekk vi ansvar for ulike prosjektoppgåver. Ei av desse var å kartlegge nemdspraksis og rettsavgjerder i tidlegare klagesaker. Andre gjekk ut på å undersøke om norske stiftelsar sine årsrekneskap var revidert i samsvar med norsk lov. Prosjektoppgåvene gav oss god innsikt i og forståing for den nokså spesialiserte stiftelsesretten.

Gode kollegaer

Arbeidskulturen i Lotteri- og stiftelsestilsynet er prega av opne dører, der terskelen for å spørje etter råd er låg. Dei erfarne rådgivarane er ivrige til å dele kunnskap og erfaringar, noko vi nybegynnarar fekk god nytte av.

Av det sosiale vil vi særleg framheve felleslunsjen og den gode samtalen med imøtekommande kollegaer, der det definitive høgdepunktet er den faste fredagskaffien. Dei tilsette er inkluderande og verkar å være ein samansveisa gjeng, trass i at dei to fagtilsyna, administrasjonsavdelinga og kommunikasjonsstaben teller nær 70 tilsette.

Livet i Førde

På fritida har Førde mykje å tilby. Ein lokal favoritt er quiz på utestaden «Pikant» kvar onsdag og laurdag. Om dette ikkje er for deg kan vi også anbefale «Larris Scene» som tilbyr generisk klubb-stemning med den smått legendariske DJ-helge.

I år har også vêrgudane spelt på lag, slik at det har vore gode mogelegheiter for å bade og utnytte den slåande vestlandsnaturen som omringar Førde. Når været ikkje tillét utandørsaktivitetar kan Førde freiste med treningssenter, kino, symjehall, kunstmuseum og ei rekkje andre kulturtilbod. For den festivalglade ligg i tillegg dei populære festivalane Utkant, Fres og Malakoff (nesten) rett rundt hjørnet.

Verdifulle og lærerike erfaringar

Etter ein sommar hos Lotteri- og stiftelsestilsynet sit vi igjen med verdifull erfaring frå eit statleg tilsyn der vi har fått oppleve juss i praksis. Avstanden til Peder Ås og teoribøkene ved Universitet i Bergen er stor og læringskurva kjentest bratt. Med det solide fagmiljøet som tilsynet inviterte oss til å bli en del av, blei dette likevel ikkje eit problem.

Frå første dag fekk vi spennande og varierte arbeidsoppgåver. Vi blei tidleg tildelt tillit og ansvar for eigne saker som gjorde at vi fekk kjensla av å tilføre verdi. Erfaringane vi gjorde oss var nyttige og vil utan tvil følge oss vidare i arbeidslivet. Vi oppmodar alle som er interessert i Vestlands-sommar, og nysgjerrige på korleis kvardagen i offentlege forvaltning er, til å søke om sjansen byr seg.