Lotteri- og stiftelsestilsynet har følgt opp regjeringa sine signal om å modernisere og effektivisere staten. Vi har prioritert arbeidet med å gjere tenestene våre brukarvenlege, og vi moderniserer rutinar og interne system.

Les vår årsrapport for 2016 her.

Denne satsinga er m.a. lønna med Statens klarspråkspris og gode resultat på brukarundersøkingar. Eit klart språk i dei digitale tenestene gjer at tenestene lettare blir tatt i bruk. Ein annan milestolpe i året som gjekk, var overgangen til elektronisk post. Vi tok i bruk SvarUt, og derfor får no brukarane i frivillige organisasjonar ogstiftelsar dokument tilsendt elektronisk.

Leiinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet har lagt vekt på å sette inn ressursar på systemutvikling. Vi har Lotteriregisteret, Stiftelsesregisteret samt fleire relativt omfattande systemløysingar. På oppdrag for Kulturdepartementet starta vi i 2016 jobben med å utvikle ei ny digital løysing for handtering av departementets tilskotsordningar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og kulturbygg. Vi er også i gang med å effektivisere delar av sakshandsaminga. Dette er eit område vi vil gi stor merksemd i tida framover.

Teknologisk utvikling innan pengespel

Den teknologiske utviklinga pregar også våre fagområde direkte. Skilnaden mellom pengespel og andre spel (til dømes sosiale nettverksspel, dataspel og liknande) blir mindre tydeleg. Utviklinga innan teknologi medverkar til å endre spelevanane knytt til både pengespel og nye former for spel. Vi ser ei stadig utvikling i retning av digitale løysingar, mobile einingar og nye former for marknadsføring. Dette påverkar samfunnsoppdraga våre. Eit av dei viktigaste er å ha streng kontroll med dei selskapa som har einerett til å tilby spel i Norge. Framtida er digitale plattformer. Det gir oss som tilsynsmyndigheit også den utfordringa at vi heile tida må fornye oss på både marknadskunnskap og tilsynsmetodar.

Eitt av tiltaka no framover er å etablere ei tverrfagleg gruppe som skal følge utviklinga og dele kunnskap om sosiale nettverksspel og digital/virtuell valuta. Med i gruppa er representantar frå andre relevante myndigheiter, teknologimiljø, hjelpeapparat og forsking.

Innsats mot den ulovlege pengespelmarknaden

Lotteritilsynet har i 2016 auka tilsynsverksemda retta mot den ulovlege marknaden. Det blei gjennomført fleire tilsyn mot aktørar som driv ulovleg marknadsføring og formidling av utanlandske pengespelselskap i Norge. Eit viktig siktemål med tiltaka våre er å beskytte lovlege aktørar og lotteriverdige formål mot den konkurransen som ulovlege aktørar utgjer.

Bidrag til arbeidet med stortingsmeldinga

Arbeidet med stortingsmeldinga «Alt å vinne» har prega arbeidskvardagen vår i 2016. Her har Lotteritilsynet gjort ein god del utgreiing og analyse for Kulturdepartementet. Dette har vore ei prioritert og samtidig ressurskrevjande oppgåve i 2016.

Meldinga er den første prinsipielle og heilskaplege gjennomgangen av lotteri- og pengespelfeltet sidan 2003. Ho legg opp til ein heilskapleg modell for regulering av pengespel som vil stå seg i møte med den teknologiske utviklinga. Hovudmålet er å sikre at lotteri og pengespel blir tilbydde i trygge og ansvarlege former for å avgrense uheldig speleåtferd.

Ny eining mot manipulering av idrettskonkurransar

2016 var året vi starta den nasjonale eininga mot manipulering av idrettskonkurransar. Vi har brukt mykje ressursar på å finne ein arbeidsmetodikk som vil fungere over tid, men også på å bli kjent med nasjonale og internasjonale samarbeidspartar. Utfordringa med manipulering av idrettskonkurransar er ikkje isolert til Norge, så det er avgjerande å kunne bygge alliansar til relevante personar, myndigheiter og land. Her har vi erfart nytten av at den nasjonale eininga er ein del av Lotteritilsynet, som har gode nettverk og tillit blant brukarane som skal dele informasjon med oss.

Lotteriområdet og nye lotterikonsept

Vi har ein stor privat lotterimarknad i Norge og denne marknaden krev mykje ressursar frå Lotteritilsynets side, særleg fordi det er mange aktørar. Det er ikkje store svingingar, men vi registrerer framleis ein nedgang i omsetninga på tradisjonelle bingospel. Likevel har ikkje formåla sine inntekter frå bingo minka like mykje. Årsaka er utplassering av Belago-terminalar frå Norsk Tipping i dei fleste bingohallane.

Eit av våre ansvarsområde som fekk mykje merksemd i 2016, var godkjenning av nye lotterikonsept. Ei forskriftsendring i 2015 opna opp for at Lotteritilsynet kan gi inntil fem løyve til store lotteri. Vi fekk inn åtte søknader hausten 2015. Etter at saks- og klagehansaminga er ferdig, er det to søknader som er klare til å få løyve for ni år, og fem søknader som kan vere med i loddtrekning om dei tre resterande løyva.

Momskompensasjon og tilskot

Lotteritilsynet har fått ei større og større rolle for frivillig sektor. Vi står i dag for sakshandsaminga knytt til over 2,1 milliardar tilskotskroner når vi reknar med både ordningane for momskompensasjon og tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Det har også i år vore ein auke i tal søknader til ordninga for momskompensasjon til frivillige organisasjonar, og det gler oss at fleire og fleire organisasjonar tar del i ordninga.

Utvikling av stiftelsessektoren

Trenden med noko færre stiftelsar, men til gjengjeld fleire større stiftelsar held fram i Norge. Vi ser også det same som i resten av Europa: at det blir etablert fleire store pengeutdelande stiftelsar. Totalt sett var det ved utgangen av året registrert i underkant av 7000 stiftelsar i Stiftelsesregisteret. Eigenkapitalen er på 154 milliardar kroner (2015-tal), ein auke på vel 11 milliardar kroner frå førre rekneskapsår.

Det har skjedd ei betydeleg utvikling av stiftelsessektoren sidan dagens stiftelseslov tok til å gjelde 1. januar 2005. Vi har også gjennom vårt tilsynsarbeid fått stadig meir kunnskap om ein sektor som lenge har vore ukjent for mange. Vi applauderte derfor då det i 2016 blei sett ned eit lovutval for å vurdere stiftelseslova. Stiftelsestilsynet har deltatt i sekretariatet og har medverka med informasjon til utvalet. Stiftelseslovutvalet gav si utgreiing (NOU 2016:21) med framlegg til ny stiftelseslov i oktober 2016, og framlegget har no vore ute på høyring. Det har vore eit omfattande og viktig arbeid for Stiftelsestilsynet å gå nøye gjennom gjeldande lov og framlegget til ny stiftelseslov i samband med den revisjonen som no skjer.

Det interne liv – rekruttering, trivsel og kompetanse

Lotteri- og stiftelsestilsynet har gjennom åra hatt god tilgang på kompetente søkarar til alle ledige stillingar. Slik har det vore også i 2016. Tilbakemeldingar frå søkarar er at fagområda våre er spennande, og at vi blir sett på som ein moderne og attraktiv arbeidsgivar. Dette set vi pris på, også fordi det er noko vi har lagt vekt på i arbeidet vårt. Kompetansebygging har alltid vore viktig for oss for å kunne henge godt med overfor både marknaden og brukarane våre.

Les heile årsrapporten på ISSUU her.

Her kan du laste ned årsrapporten i PDF-format.

Les også Riksrevisjonens beretning.


3 kommentarar til “Eit meir moderne og effektivt tilsyn – årsrapport 2016

  1. Bjørn Magnus Jakobsen sa:

    Flott oppsummering av året! Sett med HR-briller liker jeg spesielt godt avsnittet om det interne liv! Stå på, hode kollegaer i Lotteri- og stiftelsestilsynet!

  2. Torbjørn Vefring sa:

    http://www.newyorker.com/magazine/2016/01/04/what-money-can-buy-profiles-larissa-macfarquhar

    Den lenka magasinkommentaren endar litt som Førdefestivalen.
    Finst det noko oversikt som fortel kva dei 7000 stiftingane brukar pengar på?
    Eit kakediagram?

  3. bjorn sa:

    Hei Torbjørn. Du kan gjere eit søk i Stiftelsesregisteret. Alle stiftelsar skal vere registrerte der og vedtektene seier kva formål kvar stiftelse har. https://lottstift.no/stiftelsar/informasjon-om-stiftelsesregisteret/

    Mvh
    Bjørn Leirdal
    seniorrådgjevar
    Lotteri- og stiftelsestilsynet

Legg att eit svar


Om bloggen

På fagbloggen delar eigne tilsette tankar og synspunkt på ansvarsområdet vårt på ein litt mindre byråkratisk måte enn elles. Vi kan mykje om det vi driv med og fagkunnskapen vår kan kome til nytte i samfunnsdebatten.

Abonner på bloggen vår

Oppgi epostadressa di for å abonnere på bloggen og motta varsler om nye innlegg på epost