Kva har Norges Shuffleboard Forbund og  Gamlekarmusikken til felles med Rebekkaloge 125 Louise? Jau, tre gonger i året får dei overført pengar frå Grasrotandelen som Norsk Tipping administrerer.

På dei fleste av Norsk Tipping sine spel kan spelarane bestemme at fem prosent av innsatsen skal gå til det laget eller den foreininga dei ønskjer å støtte. Vilkåret er at mottakaren er registrert i Frivillighetsregisteret, og er godkjend som grasrotmottakarar.

På den måten vart 340 millionar kroner i fjor overført til 23 000 lag og foreiningar. Sjølvsagt var det eit verdfullt bidrag for mange som held hjula i gang i den frivillige sektoren.

Barndoms idrettslag

Sjølv gir eg min grasrotdel til mitt barndoms idrettslag i Jølster. I fjor fekk dette idrettslaget tilført nesten 71 000 grasrotkroner som heilt sikkert kom vel med. Likevel blir dette småpengar mot dei største aktørane som rimelegvis held til i meir tettbygde strok.

Her er det mange som nyttar sjansen til å støtte sitt favorittlag i fotballen. Dei fire største mottakarane av grasrotmidlar i 2012 var lag som i år spelar i Tippeligaen. Vålerenga Fotball fekk over 2,5 millionar kroner inn på kontoen sin, og Bodø-Glimt fekk nest mest med vel 1,3 millionar kroner. Sarpsborg 08 og Lillestrøm Sportsklubb fekk også over ein million kroner frå Grasrotandelen.

Nye reglar på trappene

Litt i det stille er ansvaret for å føre tilsyn med Grasrotandelen delegert frå Kulturdepartementet til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det skjedde i januar, og samstundes blir det jobba med å revidere forskrifta som regulerer Grasrotandelen.

Det er sjølvsagt ikkje heldig for Grasrotandelen sitt omdøme at det frå tid til anna dukkar opp mottakarar som ikkje tilfredsstiller krava for å kunne motta grasrotpengar. Difor reknar vi med at det ventar ein liten ryddejobb på Lotteri- og stiftelsestilsynet når den nye forskrifta er på plass. Samstundes har Kulturdepartementet gjort det klart at ordninga med grasrotmidlar også i framtida skal vere ei ubyråkratisk og smidig ordning der mykje skal baserast på tillit.

Den tredje sektoren

Hovudpoenget med Grasrotandelen er ikkje å gjere pengesterke fotballklubbar rikare. Først og fremst skal pengar risle ut over tusenvis av dei nesten 100 000 lag og foreiningar som framleis er aktive i den frivillige tredje sektoren.  Å føre tilsyn med Grasrotandelen vil styrke Lotteri- og stiftelsestilsynet som det statlege organet som har breiast kontaktflate mot den frivillige sektoren her i landet.