Hovudspel kan no spelast på nett og det er ei auke i gevinstar, men databingo-gevinst kan ikkje gå direkte til spelsaldo.

Lotteritilsynet har fått nokre spørsmål, spesielt frå bingoentreprenørar, om endringane i forskrift om bingo. Vi ønskjer difor å kome med litt utfyllande informasjon.

Endringar i forskrift om bingo vart gjeldande frå 11. januar 2019.

Hovudspel kan spelast på nett

Hovudspelet på bingo kan spelast på nett. Det vil seie at dei hovudspel som skjer i ein bingohall også kan bli tilbydd på internett. Dette kan vere hovudspel ein, men også andre hovudspel. Kravet er at tala som blir trekt skal lesast opp to gonger.

Kravet om at tala skal lesast opp betyr at den som spelar bingo skal kunne høyre og oppfatte kva tal som blir trekt ut. Det betyr at det ikkje kan spelast på meir enn eit hovudspel samtidig.

Spelaren som ønskjer å delta i hovudspelet må registrere seg i hallen der bingoen blir arrangert. Dette må skje ved personleg oppmøte. Spelaren kan berre ha ein konto hos den enkelte bingoentreprenør. Lotteritilsynet vil tillate at ein spelar har moglegheit til å delta på bingo i fleire hallar, hos den entreprenøren han har registrert seg. Spelar må da ha registrert seg, gjennom personleg oppmøte, i kvar enkelt hall vedkomande ønskjer å spele. Spelaren kan berre spele i ein hall samtidig.

Det er krav til å logge inn på ein sikker måte før du skal spele bingo på nett.

Gevinst i databingo kan ikkje gå direkte til spelsaldo

Tidlegare var det slik at det skulle vere ein pause på minimum 30 sekund mellom kvart spel på databingo. Denne regelen er no endra. No er det eit krav at det skal gå minimum 30 sekund frå det eine spelet startar til det neste spelet startar. Det er ikkje regulert kor lang tid pausen mellom spela skal vare

Det er også vedtatt at gevinstar som spelar får i databingospelet ikkje automatisk kan gå inn på spelsaldo. Dersom ein spelar ønskjer å spele gevinstane som er vunne på ny, må desse overførast av spelar til saldo, før dei kan brukast til nytt bingospel.

Lotteritilsynet har fått nokre tilbakemeldingar frå entreprenørar som treng litt tid for å få på plass løysingar som sikrar at ikkje gevinstar går automatisk inn på spelsaldo. Vi har etter ei vurdering kome til at det blir gitt ein frist på til saman seks månader frå forskrifta vart gjeldande.  Det vil seie at innan 11. juli 2019 må alle bingoentreprenørane ha dette på plass.

Auke i gevinstar i hovudspel

Det er vedtatt å auke gevinstane i hovudspelet på bingo. Verdien av gevinstar ein spelar kan ha i den ordinære speleplanen, blir auka frå 5 000 til 10 000 kroner. I tillegg til dette blir oppsamlingsgevinsten/jackpotten auka frå kr 70 000 til kr 100 000. I dei nye reglane går det også fram at desse gevinstane kan delast opp i så mange pottar som ein måtte ønskje. Det er heller ikkje eigne reglar for korleis oppbygginga av denne potten skal gjerast.

Dette vil vere ei forenkling både for arrangørar av bingo og for Lotteritilsynet som skal gå gjennom gevinstplanar. 

Opna for løyve i to år

Lotteritilsynet har hatt søkelys på forenkling der det har vore moglegheit for det ved desse endringane.

På bakgrunn av dette kan det no bli gitt løyve for inntil to år i gangen. Dette vil gjere søknadsprosessen mindre ressurskrevjande både for organisasjonar som tar del i bingo, entreprenør og for Lotteritilsynet. Gebyr vil som i dag, likevel fakturerast årleg.

Det vil også vere ein opning for å få inn nye organisasjonar til formål ved årsskifte, det vil seie midt i løyveperioden.