Det er viktig for norske myndigheiter å ha god kunnskap om pengespelmarknaden og om speleproblem. Eitt av hovudmåla i regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem handlar om å auke kunnskapen.

Denne bloggen er skrive med utgangspunkt i ein artikkel frå vår årsrapport for 2016. Les heile årsrapporten i PDF her.

Tiltak i handlingsplanen har i 2016 munna ut i to forskingsrapportar frå Universitetet i Bergen (UiB) om pengespel og pengespelproblem i Norge. Rapportane byggjer på datainnsamling som vart gjort hausten 2015. Då var talet på problemspelarar omlag 34 000 (0,9 %) og talet på moderate risikospelarar var omlag 88 000 (2,3 %). Rapportane såg også på omfang av dataspel og dataspelproblemer i Norge og du finn rapportane her:

Forskingsrapporter

Små endringar

Sidan UiB også samla inn data hausten 2013, har vi med dette fått ny kunnskap om korleis speleåtferda ser ut to år etter at Norsk Tipping lanserte nye interaktive nettspel i 2014.

I den første rapporten som kom i 2016, såg vi at omlag like mange nordmenn spelte pengespel i 2013 som i 2015 (høvesvis 59 % og 58 % av nordmenn i alderen 16 til 74 år). Blant spelarane var det ingen signifikante endringar i delen som blei rekna som moderate risikospelarar eller problemspelarar. Her var delen 5,1 % av spelarane i 2013 og 5,5 % i 2015.

I 2015 var det totalt 4,7 % av spelarane som hadde spelt online kasinospel, noko som er om lag like mange som i 2013. Rapporten viste at Norsk Tipping si lansering av online kasinospel i 2014 har hatt ein kanaliserande effekt. I 2013 var det 4,4 % av spelarane som hadde spelt kasinospel på utanlandske nettstadar. Denne delen var signifikant redusert til 3,5 % i 2015, samtidig som 2,1 % svarte at dei hadde spelt kasinospel hos Norsk Tipping i 2015.

Rapporten viste også at online kasinospel er blant dei spela der risiko- og problemspelarar er sterkt overrepresenterte. Blant dei som i 2015 spelte online kasinospel hos Norsk Tipping, var det 38,5 % risiko- eller problemspelarar. Blant spelarar på utanlandske nettstadar var det 46,7 %.

Verdifull kunnskap

I den andre rapporten fekk vi annan kunnskap. Denne rapporten inneheldt data frå deltakarar som hadde svart både i 2013 og i 2015. Rapporten var dermed basert på såkalla longitudinelle data, og ikkje ei ny representativ undersøking. Her var merksemda retta mot endringar i grupper av spelarar.

Blant funna i denne rapporten var at den delen som spelte på nett, har auka noko frå 2013 til 2015, og særleg at fleire spelar via mobiltelefonen.

Rapporten undersøkte samanhengen mellom helse- og pengespelproblem over tid. Data i undersøkinga støttar at dårleg helse kan forårsake speleproblem, men også at speleproblem over tid kan forårsake andre helseproblem.

Andre forskingsrapportar om speleproblem finn du i vårt publikasjonsarkiv.