Den 21. og 22 april vart Stiftelseskonferansen avvikla i Førde med fagleg påfyll, kjekke og flinke folk, samt inspirasjon til å tenke nye tankar.

For oss i Stiftelsestilsynet er Stiftelseskonferansen viktig av mange grunnar. Vi brukar den mellom anna til å gi ny kunnskap og gode verkty til å handtere dei utfordringane stiftelsane møter i kvardagen.  Konferansen er også viktig for oss fordi møta med dykk gir oss viktige tilbakemeldingar på jobben vi gjer i det daglege. Både det som er bra og det som kan bli betre. Slike tilbakemeldingar er viktige for oss, rett og slett fordi vi ynskjer å bli betre.

Så er det slik at i nokre tilfelle vil vi vere usamde. Det er også ein del av jobben vår. Vi skal passe på at viljen til opprettaren blir ivaretatt, at formålsrealiseringa er god og at kapitalforvaltninga er forsvarleg. Sagt på ein enklare måte er jobben vår også å passe på at styrene i norske stiftelsar gjer jobben sin ordentlig.

God evaluering og noko å strekke seg etter

Vi har evaluert konferansen både internt og eksternt. Vi har sjølvsagt brukt mykje tid på den evalueringa deltakarane har svart oss på. 133 av 180 har tatt seg tid til å svare – det set vi stor pris på. Det er også mange som har gitt utfyllande kommentarar og dei er det alltid nyttige å lese.

I all hovudsak er de godt nøgde med konferansen:

  • 88% seier Stiftelseskonferansen er ein viktig eller svært viktig som møtestad for norske stiftelsar.
  • Over 90% er tilfreds eller svært tilfreds med Stiftelseskonferansen.
  • 84% kan tenke seg å delta på ein ny konferanse, berre 0,8 % svarar nei på spørsmålet.

Ut frå tilbakemeldingane ser vi at det er fleire som etterlyser meir målretta fagleg oppdatering, betre tid til store temaer og ikkje minst større rom til å møte «likesinna». Dette tek vi med oss når vi skal planlegge Stiftelseskonferansen 2017. Vi vil då prøve å legge meir til rette for møtepunkt for ulike typar stiftelsar, til dømes pengeutdelande stiftelsar, bustadstiftelsar, næringsdrivande stiftelsar, kulturstiftelsar og så vidare. Vi vil også sjå om det kan vere mogleg å arrangere meir spissa dagsseminar og liknande for særlege grupper av stiftelsar.

Vi er opptatt av kunnskapsdeling og kunnskapsformidling. Difor ligg foredrag og presentasjonar frå konferansen ute på nettsida vår. Vi håpar de vil bruke dei i det vidare arbeidet dykkar.

Takk for no – vi håpar vi ser dykk igjen i Førde i 2017!