Tre gonger i året kan Norsk Tipping glede medlemmene i ca. 23 000 lag og foreiningar med friske pengar frå Grasrotandelen. Dei fleste får pengar i tråd med intensjonane bak regelverket, men det er også nokre som utnyttar ordninga til å skaffe seg pengar dei ikkje skulle hatt.

Det er viktig å understreke at gruppa som utnyttar regelverket ikkje er stor når vi veit kor mange som nyttar seg av Grasrotandelen. Sidan Lotteritilsynet overtok tilsynsansvaret i 2013, det opna tilsynssak mot ca. 140 grasrotmottakarar. I dag er 30 utestengde frå ordninga i inntil tre år.

Ein del av dei utestengde aktørane har du kanskje lese om i media. Nokre av dei var ganske kuriøse, og vart truleg oppretta for å utnytte ei ordning som kunne gi lettente pengar i kassa. Uansett så ventar Lotteritilsynet at talet på utestengde lag og foreiningar vil stige etter kvart som tilsynssakene blir endeleg avslutta.

For lite frivillig aktivitet

Når grasrotmottakarar blir utestengde skuldast det først og fremst at dei ikkje har tilstrekkeleg frivillig aktivitet i laget eller foreininga si. Forskrifta som regulerer Grasrotandelen slår fast at formålet med ordninga er å fremje frivillig og ålmennyttig aktivitet på lokalt og regionalt nivå.

I praksis vil det seie at du må skape frivillig aktivitet for andre før laget eller foreininga di rettmessig kan få grasrotmidlar. Det er ikkje nok at «Guteklubben Grei» satsar mykje på pengespel for å finansiere for eksempel eigne turar for å spele golf eller sykle i sydlege strok med grasrotmidlane laget får. I forskrifta heiter det at grasrotmottakarar skal «være tilgjengelig for et bredt spekter av mennesker» og ikkje til lukka foreiningar.

Meininga med Grasrotandelen er at spelarane kan overføre fem prosent av brutto innsats på spel hjå Norsk Tipping til eit formål dei ønskjer å støtte. Dette er framleis ei enkel og ubyråkratisk ordning der føremålet er at den store og viktige frivillige sektoren skal få tilført midlar. Og pengar blir det – i 2013 fekk lag og foreininga tilført 339 millionar kroner.

Lotteritilsynet får tips

Så veit vi at ein del av desse kronene har hamna på konto hos nokre lag og foreiningar som ikkje skulle hatt dei. Lotteritilsynet har tilsynsansvaret her, men det seier seg sjølv at vi ikkje kan føre løpande kontroll av 23 000 lag og foreiningar.

Erfaring med tilsynsarbeidet gjer at vi etter kvart veit kvar vi skal leite etter mottakarar som skal ut av ordninga. Likevel er publikum og oppslag i media viktige kjelder når vi skal gjere tilsynsjobben vår. Av dei 140 tilsynssakene vi har opna så langt, er 35 eit resultat av tips.

Så lurer du kanskje på kva for typar lag og foreiningar som oftast blir utestengde. Her er det mykje forskjellig, naturlegvis. Likevel er det ei overvekt av lag og foreiningar som har registrert seg under «rekreasjon» og «sosiale foreiningar» i Frivillighetsregisteret.

Grasrotandelen var meint å vere ei lågterskelordning utan altfor mykje administrasjon og rapportering. I tillegg til tilsyn frå vår side, ligg det eit element av sosial kontroll med ordninga. Spelarane bestemmer sjølve kva for foreining som skal motta fem prosent av innsatsen. På Norsk Tipping sine nettsider kan alle følgje med på kven som får grasrotmidlar, og kor mykje dei får, både fylke for fylke og i den enkelte kommune. Sjekk gjerne du også!