Kor gammal må du vere for få selje lodd her i landet? Dette spørsmålet dukkar opp jamt og trutt hos Lotteritilsynet. Svaret på spørsmålet er greitt. Du må vere 15 år for å selje lodd.

Dette slår forskrift til lotterilova fast, men det er ein hake ved akkurat dette. Forskrifta regulerer nemleg berre såkalla store lotteri, det vil seie lotteri som har ei omsetning på over 200 000 kroner i året.

For såkalla smålotteri, som har ei omsetning på under denne årlege grensa, er det ikkje ei formell aldersgrense for loddsal. I slike lotteri tilrår likevel Lotteritilsynet at det blir praktisert ei aldersgrense på 15 år. Det skuldast mellom anna at mindreårige dermed slepp å ta ansvar for større pengesummer frå loddsal.

Mange må bidra

Sal av loddar i store lotteri kan framleis gi gode inntekter for lag og foreiningar, men det kan vere arbeidskrevjande å arrangere lotteria. Difor må mange ta eit tak. Når Lotteritilsynet får spørsmål om aldersgrense, er det gjerne i lotteri som landsdekkjande organisasjonar arrangerer. Her blir ofte kvart einskild lag, til dømes eit handballag eller fotballag i aldersbestemd alder, pålagde å selje ei viss mengd lodd. Det blir gjerne løyst ved at dei aktive spelarane må ut i felten.

Er lotteriet stort nok, kjem loddsalet i denne typen lotteri ofte i konflikt med aldersgrensa på 15 år. Dersom nokon ønskjer å ta opp spørsmål knytt til aldersgrensa, så er dette først og fremst ei sak mellom den som arrangerer lotteriet og loddseljarane – ofte er det snakk om pårørande.

Rett inn på konto

Det var enklare for nokre år sidan. Då strøymde det pengar inn på konto til svært mange lotteriverdige lag og organisasjonar frå drifta av tusenvis av gevinstautomatar. Etter at denne marknaden forsvann i 2007, var det mange som måtte finne andre måtar å finansiere delar av drifta si på.

Her var inntekter frå bingobransjen eit alternativ for ganske mange.  Det er også marknad for store lotteri som gjerne blir kalla landslotteri.

Marknaden krympar

Problemet med slike lotteri er at det kostar ein god del å administrere dei, og det er mykje arbeid å organisere dei. Det er andre skjer i sjøen også – til dømes blir det stadig meir vanleg at folk ikkje har kontantar når loddseljarane ringjer på døra. Mellom anna av den grunn tok ikkje marknaden for landslotteri av då gevinstautomatane forsvann.

Marknaden for store  lotteri har difor dei siste åra gått litt tilbake til i underkant av 300 millionar kroner i året. I tillegg reknar Lotteritilsynet med at det i mindre lotteri blir omsett for rundt 130 millionar kroner.

Det er altså framleis pengar å hente i marknaden med store norske lotteri, men loddseljarane må vere minst 15 år gamle.

Les også: Kven kan få inntekt frå bingo.