Å få positiv feedback på arbeidet du gjer er kjekt, spesielt når det kjem frå andre enn oss sjølv. No meiner Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) at vi er topp tre av statlige verksemder på nettkvalitet. Det er ekstra kjekt å sitte i vesle Førde, i nynorskland og vere nominert til årets nettstad.

Å få seks stjerner hadde vi trua på, men å bli nominert satte oss faktisk litt ut. Jubelen stod i taket hos kommunikasjonsstaben.

Best på brukartilpassing

At vi vart best i klassen på brukartilpassing er vi veldig stolte av.  Vi har fleire store brukargrupper i tilsynet. Difor har vi eit tydelig skille mellom våre ulike fagområder og vi  arbeider med å brukaroptimalisere nettstaden kvar dag. Vi må også skryte av Mediebruket som er vår utviklar på WordPress. Vårt prosjekt i fjor haust, der vi tok i bruk responsivt design på nettstaden var nok avgjerande for at vi tok steget heilt opp i år. Det vart ikkje nokon pris på oss denne gong, vegvesen.no vann fortent. Dei er knallgode år etter år, og er nokon av dei vi ser til for å bli betre. Ekstra kjekt for oss var det at vi var best av alle på brukartilpassing.

Viktig med kvalitetsvurdering

At Difi årlig gjennomfører sine kvalitetsvurderingar av offentlige nettstader er svært viktig. Det held oss som arbeider med dette til daglig på tå hev, og det minnar oss om områder vi har eit spesielt ansvar for å følge opp, som føringar i statens kommunikasjonspolitikk. Dessutan ser Difi til internasjonale standarder og beste praksis på området. Noko å strekke seg etter med andre ord.

Tre kriteriesett

Tilgjengeligheit, brukartilpassing og nyttig innhald er dei tre kriteriesetta offentlige nettstader årlig blir vurdert ut frå. Neste år skal kvalitet i digitale tenester vektleggast enno meir i kvalitetsvurderinga. Vi er allereie godt i gang med arbeidet. Å vere god på nett krever systematisk arbeid, gløymer du det er du ikkje like god neste år. Så raskt skjer utviklinga.