Ein spelar hos Norsk Tipping kan bestemme at fem prosent av speleinnsatsen skal gå til eit lag eller ein organisasjon som vedkommande ønskjer å støtte. Foreininga må vere registrert i Frivillighetsregisteret. Spelaren kan registrere sin grasrotmottakar på nettsida til Norsk Tipping eller hjå ein kommisjonær.

Grasrotandelen er eit samarbeid mellom fire aktørar. Det er Norsk Tipping som forvaltar ordninga og betaler ut grasrotmidlar tre gonger i året. Dersom ei foreining ønskjer å delta i Grasrotandelen, er det Brønnøysundregistrene som avgjer om foreininga fyller vilkåra for registrering i Frivillighetsregisteret. Kulturdepartementet handterer regelverket for ordninga og legg premissane for kven som kan delta i Grasrotandelen. Lotteri- og stiftelsestilsynet har ansvar for tilsyn med ordninga, både tilgang til og bruk av Grasrotandelen.

Bakgrunn for forskriftsendring

I januar 2013 delegerte Kulturdepartementet ansvaret for kontroll av Grasrotandelen til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Frå 1. juli same år trådde ei ny forskrift om grasrotandel i kraft. Den endra forskrifta skulle gje Lotteri- og stiftelsestilsynet gode verkemiddel for å oppdage og luke ut lag og foreiningar som ikkje har rett på grasrotmiddel. Eksempel på organisasjonar som ikkje skal delta i Grasrotandelen er dei som ikkje yter ein reell frivillig innsats, eller som skaffar pengar til ein lukka krets av personar.

Ein av grunnpilarane for Grasrotandelen er at den skal vere ei enkel ordning som skaffar inntekter til lokale lag og organisasjonar, utan unødig byråkrati. Dessverre såg ein at enkelte einingar misbrukte ordninga, særleg i tida fram til den nye forskrifta trådde i kraft midtveis i 2013. Eksempel på misbruk som fanga medias interesse var foreiningar som skaffa fleire spelarkort for å låne desse ut til ein storspelar, på denne måten kunne dei omgå omsetningsgrensa til Norsk Tipping og samtidig generere grasrotandel til den aktuelle eininga. Eit av verkemidla for å stogge dette misbruket var å gje Lotteri- og stiftelsestilsynet myndigheit til å pålegge einingar å betale tilbake samtlige eller deler av mottatte grasrotmidlar. Målet var at det skulle verke preventivt på misbruk av ordninga.

448 millionar til grasrotmottakarar

I 2016 betalte Norsk Tipping ut 448 millionar kroner gjennom Grasrotandelen. Dette er den høgste summen som Grasrotandelen har generert så lenge den har vore verksam og 13,5 prosent meir enn i 2015. Illustrerande for veksten er at summen er meir enn det dobbelte samanlikna med 2009, året Grasrotandelen trådde i kraft. Det er i dag i overkant av ein million spelarar hjå Norsk Tipping som har registrert ein grasrotmottakar, også dette talet er omtrent det dobbelte av kva det var i 2009. Samtidig var det nærare to millionar menneske som spelte hos Norsk Tipping i fjor, det er difor framleis eit potensial for at ordninga kan auke ytterlegare.

Som tidlegare år var det Vålerenga Fotball som fekk den største Grasrotandelen i 2016. Dei fekk utbetalt i overkant av 3,2 millionar kroner. Faktisk er alle dei fem største grasrotmottakarane i 2016 dei same som fekk mest også i 2014 og 2015. Lions Club Fredrikstad er den einaste ikkje-idrettslege eininga av desse fem, dei var den nest største grasrotmottakaren alle tre åra, medan Bodø-Glimt FK, Sportsklubben Brann og Lillestrøm Sportsklubb utgjer resten av dei fem største grasrotmottakarane i perioden 2014 – 2016. I 2016 var det 26 719 organisasjonar som fekk generert grasrotandel til inntekt for dei. Dette er 1 276 fleire organisasjonar samanlikna med 2015, ein oppgang på 5 prosent. Dersom ei eining har opptent mindre enn 300  kroner i grasrotandel, utstår utbetalinga til Grasrotandelen har nådd den summen. Difor er det ikkje alle organisasjonane som har fått utbetalt grasrotandel i 2016, sjølv om det er generert andel til inntekt for dei.

Figur 1: Bidrag frå grasrotordninga (2015) fordelt etter type organisasjon – totalt 394,8 millionar kroner

[visualizer id=”7370″]
Figuren viser at einingar registrert i kategori Idrett i Frivillighetsregisteret får det største bidraget frå Grasrotandelen, 61 prosent (tal frå 2015). Etter Idrett følgjer Kunst og kultur, og Rekreasjon og sosiale foreiningar, med høvesvis 9 og 7.6 prosent.

Figur 2: Kommuneoversikt over grasrotmidlar per innbyggjar (2015).

Figuren viser kommuneoversikt over motteke grasrotpengar i 2015. Utsira er den kommunen som har motteke mest grasrotmidlar per innbyggjar, 416 kroner. Figuren tek utgangspunkt i kvar den enkelte eining har si postadresse.

Status for vårt kontrollarbeid

I 2016 oppretta Lotteri- og stiftelsestilsynet tilsyn med 66 einingar som deltok i Grasrotandelen. Av desse enda 31 saker anten med vedtak om utestenging frå grasrotandelen, eller at eininga sjølv melde seg ut av ordninga. Andelen av utestengde einingar kan sjå høgt ut, men dette må sjåast i samanheng med at vårt tilsynsarbeid er basert på risiko- og vesentlegvurderingar. Når vi startar ei tilsynssak er det ofte fordi vi har mistanke om at eininga ikkje fyller vilkåra for å delta i grasrotandelen.

Dei einingane som blei utestengd i 2016 utgjer berre rett i overkant av ei promille av alle einingane som genererte grasrotandel i 2016. For desse einingane kan grasrotandelen verke langt meir byråkratisk samanlikna med den uttalde intensjonen ovanfor. I nokre saker er det dokumentasjon ned på bilagsnivå som legg grunnlag for utestenging. Det er likevel viktig for Lotteri- og stiftelsestilsynet at vi har eit tilstrekkeleg grunnlag for å fatte dei vedtaka vi gjer.

Lotterinemnda er klageinstans for våre vedtak.  I 2016 har vi sendt seks saker til klagehandsaming i Lotterinemnda, alle gjaldt utestenging frå Grasrotandelen. Nemnda ga oss medhald i alle sakane. Fleire av sakane har vore viktig for å avklare korleis reglane i forskrifta skal verte forstått, for eksempel kva som vert kravd av frivillig innsats for å kunne delta i ordninga. Nemnda har også slått fast at der Grasrotandelen kjem ein lukka krets av personar til gode, føreligg det misbruk av ordninga.

Auke Grasrotandelen?

Det er vår vurdering at misbruket med grasrotordninga no er mindre samanlikna med for tre år sidan. Vi ser mellom anna at dei sakane som vert avslutta med utestenging, ofte er mindre graverande samanlikna med tidlegare år. Det er gjerne snakk om einingar som i god tru har operert i strid med forskrifta. Eksempelvis er det ein regel i forskrifta, som seier at grasrotmidlar må brukast på eigen frivillig verksemd. Vi ser at enkelte einingar overfører Grasrotandelen vidare til andre einingar med same eller liknande formål. At dette ikkje er i tråd med forskrift om grasrotandel, er det ikkje alle som kjenner til. Vidare ser vi at den totale summen av grasrotmidlar som er mottatt som følgje av misbruk, er mindre samanlikna med tidlegare år.

I stortingsmeldinga «Alt å vinne» har Kulturdepartementet føreslått å auke grasrotandelen frå fem til sju prosent av bruttoinnsatsen til spelaren. Departementet skriv at grasrotandelen er ei populær ordning blant spelarane og at den truleg har «ein effekt på både rekruttering og kundelojalitet hos Norsk Tipping». Ordninga bør i følgje departementet framleis vere ubyråkratisk med avgrensa registrerings- og rapporteringskrav.

Vi er samd i at grasrotandelen framleis bør vere ei ubyråkratisk ordning utan strenge krav til rapportering og registrering. Samtidig ser vi at kontrollen med Grasrotandelen blir endå viktigare dersom andelen skal auke frå fem til sju prosent. Dersom Grasrotandelen genererer førti prosent meir til lokale lag og foreiningar kvar gong ein spelar hjå Norsk Tipping, vil ordninga samstidig bli meir lukrativ for dei som ønskjer å misbruke den. Det er rimelig å tru at dette vil krevje meir ressursar frå vår side.

Lotteri- og stiftelsestilsynet kjenner dei frivillige organisasjonane i Noreg godt gjennom tilsyn med lotterimarknaden og som forvaltar av fleire tilskotsordningar. Det gjer oss godt rusta til å ha kontrollansvaret for Grasrotandelen. Likevel er det framleis einingar som mottek grasrotmidlar, utan å tilfredsstille vilkåra i forskrift om grasrotandel. Vi er difor interesserte i tips som kan sikre at grasrotmidlane går til det dei er meint å gå til.