Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre våre nettsider og gjere informasjonen lettare tilgjengelig for våre brukarar. No har vi visualisert mange av våre nøkkeltal og statistikkar, slik at det blir lettare for brukarane å finne informasjon og få oversikt.

På mange av våre ansvarsområde har vi behov for å dele nøkkeltal og statistikk på ein enkel måte. Nøkkeltal frå stiftelsessektoren og pengespelmarknaden er av interesse for media og andre interessentar. Statistikkar og oversikter for dei ulike tilskotsordningane vi forvaltar, er også noko vi får mange spørsmål om. På lotteriområdet er det først og fremst bingostatistikk brukarane våre spør om.

Nøkkeltal og statistikk frå pengespelmarknaden

Vi får ofte spørsmål om nøkkeltal frå den regulerte og uregulerte pengespelmarknaden. Kor mange nordmenn spelar pengespel? Kva er totalomsetning i den regulerte pengespelmarknaden og kor mykje er utbetalt til formål dei siste åra? Kva bruker den uregulerte marknaden på TV-reklame? Vi har visualisert våre data slik at du enkelt kan finne nøkkeltal på denne sida. Her finn du også nøkkeltal om speleproblem og kor mange som kontakter Hjelpelinja om pengespelproblem. Sida vil oppdaterast med meir statistikk der vi ser behov for det, kom gjerne med tips til kva du ønskjer.

Bingostatistikk

Nøkkeltal frå bingo har vi hatt tilgjengeleg på nettsidene ei tid, men vi har no utvida med ei grafisk oversikt over utviklinga av bingospel over tid, utbetaling til formål, omsetning fordelt på type spel med meir. Du finn oversikt og statistikk her.

Statistikk og nøkkeltal frå stiftelsessektoren

Nøkkeltal for norske stiftelsar er noko vi har hatt tilgjengeleg på nettsidene og i Stiftelsesregisteret lenge. No har vi visualisert dei mest etterspurte nøkkeltala på nettsidene våre, og sett på utvikling i sektoren over tid. Typiske spørsmål om stiftelsessektoren er:

  • Kor mange stiftelsar er det i Norge?
  • Kva er bokført eigenkapital i norske stiftelsar?
  • Kva er dei største stiftelsane i Norge etter eigenkapital?

Her finn du enkel statistikk for Stiftelsessektoren i Norge. Skal du dukke djupare kan du gjere eit søk i Stiftelsesregisteret.

Oversikt over tildelingar frå tilskotsordningar

Vi står for sakshandsaminga knytt til over 2.1 milliardar tilskotskroner når vi ser ordningane for momskompensasjon og tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar  under eitt. Kor mange har søkt momskompensasjon, kven har søkt, kva er godkjent søknadsbeløp og kva er avkortninga? Dette er er typiske spørsmål vi får. No har vi visualisert utviklinga over tid for momskompensasjonsordninga og utviklinga for momskompensasjon til idrettsanlegg dei siste åra. Slik blir desse tala lettare tilgjengeleg enn tidlegare for søkjarar, media og andre interessentar.

Kva nøkkeltal ønskjer du?

Kom gjerne med innspel på kva nøkkeltal du ønskjer på nettsidene, så skal vi vurdere behovet for å ta det inn. Lurer du forresten på kva verktøy vi har brukt for å visualisere? Vi brukar Highcharts Cloud, eit verktøy som er svært brukarvenleg å jobbe i. Det er veldig lett å importere dine data, velge diagram-mal og justere utsjånad. Selskapet Highsoft, som står bak verktøyet held til i Vik i Sogn og Fjordane.