Er du glad i engelsk, spansk eller italiensk fotball? Ser du på moteprogram, såpeseriar eller 71 grader nord – eller andre program på TV3, TV Norge, Viasat 4, Max, Fem, Discovery Channel eller Vox? Då er du kanskje også ein av mange nordmenn som trur at utanlandske pengespel på nettet er lovlege her i landet.

Forklaringa er at fotballkampane som blir sende frå utlandet, saman med andre populære program, er fulle av pengespelreklame sjølv om det i dag både er forbode å tilby og marknadsføre slike pengespel i Noreg.  Faktisk trur så mange som 42 prosent av dei spurde at slike pengespelselskap lovleg kan tilby spel til nordmenn.

Difor er tiltak for å demme opp for denne massive og ulovlege marknadsføringa av utanlandske pengespel på nettet eitt av mange viktige framlegg vi tilrår i rapporten Grenselause pengespel,som ekspertgruppa overleverte kulturminister Thorhild Widvey i dag. Eg hadde gleda av å leie arbeidet i gruppa som fekk i oppdrag å vurdere den rivande teknologiske utviklinga på pengespelområdet.

Mandatet vi fekk var vidt. Vi skulle mellom anna gå nærare inn på nye medium og plattformer for pengespel i ei verd som blir stadig meir digitalisert. Det betyr nye utfordringar for styresmaktene – og nye moglegheiter for spelaren som ventar at pengespel skal vere tilgjengelege overalt og til alle døgnets tider.

Fleire hundre millionar

Men vi skulle også vurdere om lovene som regulerer norske pengespel er tilpassa nye former for pengespel vi veit vil komme. Dessutan skulle vi kartleggje konkurransen frå pengespel som ikkje har norsk løyve – det vil i praksis seie utanlandske nettspelselskap. Det er her tiltak mot marknadsføringa i TV-kanalane kjem inn i biletet. Det er på tide at det blir gjort noko for å stoppe all denne ulovlege pengespelreklamen som utanlandske spelselskap brukte 423 millionar kroner på i norskeigde TV-kanalar berre i 2013.

Å stoppe slik marknadsføring ligg i skjeringspunktet mellom pengespelpolitikk og mediepolitikk. Hamarutvalet meiner difor at det i første rekkje blir naudsynt å tette dette holet inn i den norske pengespelmarknaden. Det kan skje gjennom å ta dette opp med britiske styresmakter sidan dei aktuelle kanalane sender frå London der britisk lovgjeving gjeld.

I arbeidet med å verne norske pengespel frå utanlandsk konkurranse kjem Hamarutvalet også med to andre konkrete framlegg på saksområde som mange oppfattar som kontroversielle i den offentlege debatten:

  1. Styresmaktene bør bruke sin eigarskap i medie- og TV-selskap, til dømes Telenor, Canal Digital og RiksTV, til å nå sine samla og overordna mål i pengespelpolitikken.
  2. Oljefondet bør avstå frå investeringar i pengespelselskap som ifølgje norske styresmakter driv ulovleg verksemd her i landet.

Om framtidas pengespel konkluderer Hamarutvalet med at regelverket bør vere teknologinøytralt og gi fridom. Statlege pengespelaktørar bør kunne regulere seg sjølve innafor klare rammer. Samstundes bør lovlege norske pengespelaktørar få sjansen til å tilby sine eksisterande pengespel på ein attraktiv måte med rom for digital utviking – det vil seie at dei må kunne bruket nettet.

Ta i bruk den nye teknologien

Grenselause pengespelDersom styresmaktene ønskjer at den lovlege norske marknaden skal oppretthalde dagens pengespeltilbod, der overskotet også i framtida skal kunne gå til dei gode formåla, må styresmaktene  våge å la pengespeltilbydarane ta i bruk den nye teknologien. Det gjeld til dømes både i dei gode, gamle bingohallane og dei tradisjonelle papirlotteria.

Dagens lovverk på pengespelområdet er ikkje tilpassa den teknologiske tidsalderen. Regelverket er omfattande, statisk og lite fleksibelt. Framtida ser uklar og kompleks ut – vi treng ei opprydding og eit nytt regelverk. Difor meiner Hamarutvalet at tida er inne for å vurdere å samle pengespellova, lotterilova og totalisatorlova i ei lov. I tillegg tilrår vi å samle alle gjeldande forskrifter i ei forskrift.

I samråd med Kulturdepartementet gjekk ikkje ekspertutvalet inn i moglege konsekvensar av ei eventuell lisensiering av den norske pengespelmarknaden. Departementet har sett i gang ei eiga utgreiing av dei økonomiske konsekvensane av ei eventuell lisensiering av marknaden.

Regulering av sosiale nettverksspel?

Hamarutvalet hadde også ein grundig gjennomgang av det vi kallar for sosiale nettverksspel som er komne inn på dei nye plattformene. Blant dei sosiale nettverksspela finn vi både pengespel og gratisspel, i tillegg til spel utan premie eller tilfeldig utfall. Sosiale medium, mobilapplikasjonar og nettet elles inneheld svært mange spel som til ein viss grad kan overlappe med dei reine pengespela. Slike gratisspel, ferdigheitsspel og spel utan premiar er ikkje regulert i pengespellovgjevinga i dag.
Likskapen mellom pengespel og sosiale nettverksspel utan premie kan vere så stor at det er grunn til å vurdere å regulere dette særskilt. Vi meiner styresmaktene her må sjå på heilskapen i spelmarknaden, og vurdere om spela inneheld funksjonalitet som gjer at dei bør vurderast som pengespel. Ekspertutvalet tilrår at det blir utgreidd om Noreg skal regulere sosiale nettverksspel som liknar pengespel – spel som ikkje er pengespel etter dagens lover og reglar.

Ny teknologi krev også ny regulering. Utviklinga i pengespelsektoren utfordrar styresmaktene til å tenkje nytt. Det gjeld både for pengespel i den digitale verda og sosiale nettverksspel – to område der nordmenn er svært aktive. Samstundes er pengespel og sosiale spel i ferd med å smelte saman på ein del område. Noreg står difor ved eit vegskilje der styresmaktene må ta nokre val.

Ekspertutvalet hadde 11 medlemer med svært variert og brei fagkunnskap. Dette var ein styrke i arbeidet vårt, og eg både håpar og trur rapporten vår vil vere ein nyttig og nødvendig vegvisar inn i den stadig meir elektroniske framtida som ventar.

Les heile rapporten: Grenselause pengespel – krev ny teknologi ny regulering?