Frivillig verksemd er ikkje eit omgrep med ein klar og enkel definisjon. I dette blogginnlegget vil eg sjå litt nærare på kven det er som deltek i den viktige frivillige sektoren.

Frivillighetsregisterlova § 3 seier følgjande: Frivillig virksomhet er aktiviteter som ikke er fortjenestebasert. Følgende aktiviteter regnes ikke som frivillig virksomhet:  

a) Aktiviteter organisert av det offentlige.
b) Aktiviteter basert på samvirkeprinsipper og som omfattes av lov om samvirkeføretak.

Med dette som utgangspunkt, kan vi slå fast at frivillig sektor, også kalla sivilsamfunnet, er både stor og mangfoldig.

Statistisk sentralbyrå (SSB) sitt oversyn frå 2014, basert på tal frå 2012, viser at sektoren hadde heile 83 200 lønsmottakarar. Dette utgjorde 3,5 prosent av alle årsverk i Norge. Den  frivillige, ubetalte  aktiviteten utgjer i tillegg om lag 120 000 årsverk.

Over 80 000 lag og organisasjonar

Ifølgje Frivillighet Norge er det over 80 000 organisasjonar, lag og foreiningar i Norge. Over halvparten av desse er i kategorien kultur og fritid, f. eks idrettslag og korps. Om lag 80 prosent av oss er med i minst ein frivillig organisasjon, og halvparten av alle nordmenn over 16 år deltek i frivillig arbeid i løpet av året.

Ifølgje SSB sine tal frå 2014 blir frivillig sektor finansiert slik:

  • Støtte frå det offentlege 44%
  • Støtte frå næringslivet 18%
  • Støtte frå private hushaldningar 38%

Lotteritilsynet si rolle

Lotteritilsynet fordeler momskompensasjon som kjem om lag 19 000 lag og organisasjonar til gode. I tillegg fordeler vi tilskot til frivillige organisasjonar frå overskotet til Norsk Tipping. I 2015 utgjer dette over to milliardar kroner. I tillegg fører vi tilsyn med at grasrotmidlane går til lokale frivillige organisasjonar.

I Frivillighetsregisteret er det no registrert 32 824 organisasjonar fordelt på 14 ulike kategoriar. Lotteritilsynet godkjenner også samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som kan få inntekter frå entreprenørbingo og lotteri med omsetnad over 200 000 kroner i året.

I Lotteriregisteret er det no 5300 organisasjonar. Vi har med andre ord svært mykje kontakt med frivillige organisasjonar, frå dei store profesjonelle med ein godt utbygd administrasjon, til små lag og foreiningar med hyppig utskiftinga av tillitsvalde, som ofte utfører sitt verv frå kjøkenbenken.

Norge og Sverige blir rekna som dei flinkaste i klassa når det gjeld å delta i frivillige organisasjonar. Samstundes høyrer vi at det blir stadig meir vanskeleg å få folk til å stille på dugnad eller å ta på seg styreverv og liknande. «Alle vil ha kake, men ingen vil bake».  Småbarnsforeldre er gjerne midt i tidsklemma, ungdomen er oppteken med sosiale medium, og besteforeldregenerasjonen er på jobb eller på feriereise. Dette fører sjølvsagt til slitasje på de eksisterande tillitsvalde.

Kartlegg det frivillige Norge

Frivillighet Norge la nyleg fram ei undersøking kalla «Frivillighetsbarometeret», der målet er å kartlegge åtferd, haldningar og interesser i det frivillige Norge.  Resultatet viser at nesten to av tre har utført frivillig arbeid siste året. Kvar fjerde nordmann brukar fem timar eller meir på frivillig arbeid kvar månad. Som oftast er det tale om organisasjonar med tilknyting til lokalmiljø, idrett eller kultur.

Blant dei som deltek mest, finn vi folk over 60, såkalla idrettsforeldre, personar med eit fellesskapsorientert verdisyn, KrF-veljarar og personar med låg husstandsinntekt. Personar under 30 år, «heimesitjarar på valdagen», forutan personar med eit individorientert verdisyn, deltek i mindre grad.

Stort potensiale av frivillige

Kvar fjerde person som ikkje har gjort frivillig arbeid det siste året, svarte bekreftande på at dei ville la seg rekruttere om dei vart spurde. Heile to av tre var ikkje kategorisk avvisande. Det betyr at vi har eit uforløyst potensiale av frivillige, om tilhøva vert lagt til rette.

Har du lyst å bli med i ein frivillig organisasjon? Du finn oversikt over alle registrerte frivillige lag og organisasjonar i din kommune og ditt fylke i Frivillighetsregisteret.