Korleis kan stiftelsar posisjonere seg for framtida og realisere sitt formål?

Vi møter alle stiftelsar i vårt nærmiljø gjennom aktivitetar for dei svake i samfunnet og gjennom engasjement for ytringsfridom, kultur, friluftsliv, utdanning og forsking

Stiftelsar bidreg til at privat og offentleg finansiering og oppgåver kan bli kopla saman, og utviklast til beste for samfunnet. Utan stiftelsar ville vi hatt færre festivalar og eit fattigare kulturliv, mindre forsking og risiko for svekka ytringsfridom.

Er det konkurranse om verdiskapinga?

Med blikket ut har vi i Lotteri- og stiftelsestilsynet sett oss som mål at vi skal sette oss inn i og forstå samfunnet og brukarane våre best mogleg. Vi skal ta initiativ til å dele vår innsikt og fagkunnskap, og utvikle ny kunnskap. Vi skal styrke brukarane og  gjere det enklare å ta kunnskapsbaserte val.

I stiftelsane er det formålet som er eigar. Styret har ansvar for å maksimere verdiskapinga, men på ein forsvarleg måte. Er det også slik at det er konkurranse om verdiskapinga? I så fall, korleis kan styret posisjonere stiftelsen for å oppnå mest mogleg formål?

Samarbeid i konkurransen – stiftelsar inn i framtida

Rett før påske samla vi  220 deltakarar til den åttande Stiftelseskonferansen i Førde med tema «samarbeid i konkurransen – stiftelsar inn i framtida». Deltakarane let seg  begeistre over Bård Vegard Solhjell og WWF sine utradisjonelle måtar å tenke samarbeid på, og Inger Elise Iversen og Jan-Ole Hesselberg som fortalde om samarbeidet mellom Kavlifondet og Extrastiftelsen. Saman med Preben Carlsen i  Sandkassa ga dei gode illustrasjonar og utdjupingar til professor Lasse B. Lien sitt faglege oppspel til hovudtemaet – korleis bli ein betre fiende for sine venner, og ein betre venn for sine fiendar.

Bård Vegard Solhjell Stiftelseskonferansen

Bård Vegard Solhjell i WWF på Stiftelseskonferansen.

Gjennom vårt tilsynsarbeid ser vi kva som minimum må vere på plass i styret for å lukkast. Vi opplever ofte at det kan vere utfordrande for mange styremedlemmar, særleg i små stiftelsar, å manøvrere og å gjere ting rett. Parallellsesjonane under Stiftelseskonferansen 2019 opna opp for relevante og konkrete problemstillingar og erfaringsdeling.

Kunnskapsdeling frå våre tilsyn

Tilbakemeldingane på årets konferanse er svært gode, 89% av dei som har svara meiner det er ein viktig møtestad for stiftelsar og 87 % kan tenke seg å kome att. Presentasjonane frå Stiftelseskonferansen 2019 finn du her.

Vår jobb i Stiftelsestilsynet er å sikre at norske stiftelsar driv lovleg, men vi skal også bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Vi prøver no å gå litt nye vegar med kunnskapsdeling frå tilsynsarbeidet, og siste månaden har vi lansert ein enkel styretest for stiftelsar og temasider for stiftelsar. Meininga er at dette skal vere til hjelp for stiftelsar i sitt arbeid med ulike tema.

Har du idear eller innspel på områder vi i Stiftelsestilsynet kan bidra med meir kunnskap om, så ta gjerne kontakt med oss.

Lytte, låne og dele

Vi har tru på at vi alle kan spele kvarandre gode og samarbeide for å oppnå meir effekt. Vi trur også at aktørar utanfor eigen organisasjon kan bidra til gjere oss betre, og slik gi auka verdi for formålet til stiftelsar eller samfunnsoppdraget vårt.

Det er vanskeleg å vere god til mykje på ein gang. Med eit stadig høgare tempo og raske endringar rundt oss, vert også kostnadane med å henge med høgare om vi skal halde følgje aleine. Det er dessutan all grunn til å tru at det er mange smarte menneske utanfor eigen organisasjon, og at dei fleste gode ideane oppstår utanfor eigen sirkel. Ved å opne oss meir kan vi sikre oss betre idear og betre løysingar.

Lytte, låne og dele vert difor stadig viktigare for oss alle i vår vidare utvikling, også for stiftelsane!