For eitt år sidan fekk vi i Lotteri- og stiftelsestilsynet statens klarspråkspris for 2015. I går var det Skattedirektoratet sin tur til å få heider og ære for godt språkarbeid. Å presentere komplisert stoff på ein enkel måte er ei stor utfordring for alle. Difor er det ekstra kjekt at også kommunane har fått sin klarspråkspris og ein verdig vinnar. Applaus til Stavanger kommune!

Foto KlarspråkprisenEg har i år hatt gleda av å vere med i språkprisjuryen saman med spennande og gode folk. Her har eg møtt litteraturkritikar og sjukepleiarstudent, Cathrine Krøger (juryleiar), fylkesrådmann i Vestfold, Egil Johansen, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Jan Olav Fretland og gode tilsette i Språkrådet. Med i juryen var også ungdomspolitikar, samfunnsdebattant og bloggar, Fatima Almanea. Felles for oss alle er eit stort engasjement for godt språk og klar tale i det offentlege. Det er vi ikkje aleine om.

Språk engasjerer. Språk er viktig for folket. Språk er identitet. For oss som jobbar i det offentlege er det også ein viktig dimensjon at vi gjennom klart språk og klar tale får samfunnet til å fungere. Utan klart språk lukkast vi ikkje med digitalisering og forenkling, slik staten og brukarane våre forventar av det offentlege. Gjennom eit effektiv språk, sikrar vi at brukarane våre veit kva dei skal eller kan gjere. Gjennom eit effektiv språk lukkast både dei og vi med oppgåvene våre.

Balansekunst

Lånekassen, som fekk Temaprisen 2016, veit dette. Dei sende e-post til studentar med negativ bodskap om at dei kanskje ikkje lenger ville få grunnstipend på grunn av endringar i reglane. Lånekassen gjorde det på ein måte som skapte forståing for regelendringa. Dette er ein vanskeleg balansekunst.

Godt språk er klokt og smart, men det er ikkje beintfram å få det til. Her finst motkrefter til godt språk i form av uklart lovspråk, gamalmodig kultur, manglande kunnskap eller dårleg forståing for kven vi skriv for og kva vi vil dei skal gjere. Det er stor risiko knytt til dette. Dårleg språk tilslører tenestene våre og kostar staten mange hundre millionar kroner årleg. Det er også eit demokratisk problem og ein trussel mot rettstryggleik dersom folk ikkje skjønar kva rettar og plikter dei har.

Krev god kondisjon

Eg har erfart at klarspråkarbeid krev innsats over lenger tid og god kondisjon. Prisvinnarane som fekk blomster og stor takk av statsråd Jan Tore Sanner i går, har det. Dei fortener å bli løfta fram. For i alle endringsprosessar er det viktig å feire små og store sigrar, dele kunnskap og inspirere andre der det er mogleg. Å gje pris for årets «trekkhund» er difor viktig. Vi må løfte fram enkeltpersonar som har gjort ein viktig innsats i klarspråkarbeidet. Det har Tone Fagerholt i Trondheim kommune gjort gjennom sitt arbeid med å forankre arbeidet i kommunen og i leiinga. Slik rykker vi framover.

Vinnaren av den nyoppretta og viktige språkprisen for kommunar og fylkeskommunar, Stavanger kommune, er i særstilling gode. Dei tilsette i kommunen har jobba systematisk med klarspråkarbeid og er eit forbilde både for andre kommunar og andre statlege verksemder. Eg tippar Stavanger kommune er gode på mykje anna enn språk og kommunikasjon også. Slike ting heng ofte saman. Her bør andre kommunar sjå til Rogaland og lære.

Les meir om klarspråksprisane og juryens grunngjeving.