Førde, Norges styggaste by!  Slik var overskrifta i VG for nokon år sidan.  Når eit tema på årets Stiftelseskonferanse er omdømme, så veit vi som bur nettopp her kva det er snakk om.  Vi veit at det er viktig, og vi veit at det er vanskeleg å endre.  Vi veit også at det kan vere urettferdig.

Dagens gjestebloggar er konferansier på Stiftelseskonferansen 2017.

Når de kjem til Sogn og Fjordane og Førde både håpar og trur eg at de vil oppleve ein pulserande og gjestfri småby.  Ikkje alt like arkitektonisk vakkert, men ramma rundt kan i alle fall ingen klage på.  Akkurat denne kombinasjonen av «stort nok» og naturen som innbyr til ulike aktivitetar året rundt, trur eg er litt av bakgrunnen for at Lotteri- og stiftelsestilsynet har utvikla seg til ein stor, profesjonell og fagleg sterk organisasjon i Førde dei siste tjue åra.

Sjølv er eg så heldig å vere oppvaksen i dette fylket og leia Sparebanken Sogn og  Fjordane gjennom femten år.  Som bankleiar i ein distriktssparebank følgjer ein samfunns- og næringsutviklinga på nært hald.  Ofte brukar eg ordet «skjebnefellesskap» mellom næringsliv og samfunnsliv her ute i distrikta.  Vi er avhengig av kvarandre.  Vi er avhengig av samhandling for å få til utvikling.  Vi er avhengig av samhandling for å bygge eit godt omdømme.

Eg gleder meg til å leie konferansen.  Få lov å fortelje dykk litt om kva vi har å by på.  Fortelje dykk litt om kva som skjer her.  Kva vi skaper og kva vi står for.  Men også til å høyre på dyktige foredragshaldarar og oppleve fellesskapet som også er ein viktig del av ein slik konferanse.  Nettverk er vår tids kraftverk.

Velkomen til Førde – ein pulserande småby midt i Sogn og Fjordane. Velkomen til Stiftelseskonferansen 2017!