Vi er midt inne i eit prosjekt med å redesigne våre nettsider og justere vår visuelle profil. I desember skal nye sider lanserast, men allereie no og utover sommeren vil du sjå nokre endringar i struktur, menyar og innhald.

Å redesigne nettsidene betyr at vi går kritisk gjennom kva som er våre mål og våre viktigaste brukaroppgåver, og løftar fram desse. Vi har bestemt oss for kva vi skal ha med oss vidare frå dagens nettstad og kva som skal vekk. Om noko sjeldan eller aldri blir besøkt, så fjernar vi det. Om noko ikkje er relevant, så kvittar vi oss med det. Ein redesign-prosess er ein bra måte å gå gjennom alt innhald og ta ei skikkelig opprydding.

Internt prosjekt

I vår har vi hatt eit internt prosjekt i tilsynet der alle fagavdelingane våre har vore med å stake ut kursen vidare. Fagavdelingane hos oss er Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet med sine to avdelingar – pengespel og frivilligheit. Vi har brukt mykje av tida på å prioritere kjerneinnhald og rydde i overflødig innhald og dobbeltinfomasjon. Vi har også gått i den kjente fella at vi lesser på med informasjon og gløymer å lesse av undervegs. Eg har hatt gleda av å leie ei kreativ og engasjert prosjektgruppe og vi har tatt mange spennande val undervegs, som gjer at vi vil få eit nytt utrykk når vi lanserer nye sider i desember.

No er vårt designbyrå Rein Design og vår utviklar Mediebruket kopla på. Vi har briefa dei på vårt interne prosjekt og hatt innleiande møter og ei profiløving. Akkurat no arbeider eg med å rydde på nettsidene. De som brukar sidene våre vil difor sjå nokre endringar allereie i sommar. Eg skriv om artiklar, slår saman sider og endrar på innhaldstrategi ut i frå val vi har tatt undervegs i prosjektet. Før eg går i ferie skal vi ha klart eit oppdatert sidekart over innhald vi skal ha med oss vidare. Det er viktig når vi skal arbeide med dei første skissene til nye sider.

Nye krav

Vi har prioritert vårt kjerneinnhald og våre viktigaste brukaroppgåver. No skal vi optimalisere innhaldet ut frå det. Innhaldsmengda, kjerneinnhald og nøkkelord  har stor innverknad på kva design vi endar opp med. Vi har ein god grunnmur og har fått gode skussmål i fleire evalueringar. Vi var blant anna best av alle statlige aktørar på brukartilpassing i Difi si kåring av kvalitet på nett i 2013.

Vi kan likevel ikkje la dette bli ei kvilepute. Nettsidene er hovudgata inn til oss og det er høgt prioritert at våre brukarar lett skal finne informasjon og enkelt løyse sine oppgåver. Sjølv om vi la om til responsive nettsider allereie i desember 2012, ser vi no at krav frå styresmakter, eigen strategiplan, nye krav til kvalitet på nett og digitale tenester, ny teknologi, og krav til universell utforming gjer at vi kan bli enno betre. Krava handlar i stor grad om det same – å digitalisere ved å styre brukarane enno meir over på nett og tilby sjølvbetjening og brukavenlege løysingar.

Forvaltningsoppgåvene viktigast

Det som ofte er utfordrande med nettprosjekt er at det blir ein drakamp internt om kva som er det viktigaste innhaldet. Alle ønskjer å løfte fram eigne område. Vårt prosjekt har ikkje vore noko unnatak, men vi løyst dette utan dei store diskusjonane .

Med utgangspunkt i statistikk og analyser over kva sider som blir mest besøkt har det vore ganske greit å peike ut kva som er vårt viktigaste innhald og forklare kvifor nokre område blir løfta meir fram enn andre. I vårt tilfelle er det i hovudsak forvaltningsområda, der brukarane skal løyse ei oppgåve som er viktigast. Kva som er det viktigaste innhaldet endrar seg også ut i frå vårt årshjul, så det er viktig for oss å ha fleksible løysingar der vi enkelt kan løfte fram det som er viktig til ei kvar tid. Det har dessutan vore viktig å forklare at framsida ikkje er den einaste inngangsporten. Over 50 prosent av dei som besøker oss kjem via Google eller andre søkemotorar og trafikken frå sosiale media aukar.

Eksternt brukarpanel

Prosjektet vårt er godt forankra i organisasjonen og i leiargruppa. I organisasjonen ved at tilsette frå fagavdelingane er representert og leiargruppa er styringsgruppe for prosjektet. Dette er viktig for å få til ein effektiv og systematisk prosess der avgjersler blir tatt undervegs. I haust ønskjer vi å få opp eit eksternt brukarpanel som kan vere med å teste våre sider. Dette vil eg skrive meir om når vi er klare til å teste. Nokon har vi allereie fått med i brukarpanelet, men det er plass til fleire.  Er du interessert er det berre å ta kontakt med underteikna. Fortsatt god sommar!