I løpet av våren 2014 vil nettsidene våre endre seg både visuelt og funksjonelt. Vi gjer ingen store endringar, men vi tar rett og slett ein ryddesjau for at du som brukar lettare skal få løyst dine oppgåver og finne relevant informasjon.

Vi kan ikkje kvile på lauvbæra sjølv om vi vart kåra til best på brukartilpassing av Difi i fjor haust. Å arbeide med brukavenlege nettsider er eit arbeid som aldri tar slutt, for det kan alltid bli betre.

Stiftelsestilsynet i ny drakt

Vi starta arbeidet med Stiftelsestilsynet som har fått meir synlege inngangsknappar og ein meir brukarretta navigasjonsmeny. Inngangane på nettsida er endra slik at den er visuelt lik framsida lottstift.no. Men først og fremst har vi gjort ein jobb for å få nettsidene enno meir brukarvenlege enn tidlegare.

Kontaktskjema

Lotteri- og stiftelsestilsynet har tradisjon for å vere tilgjengelige. I enkelte periodar har vi merka at det har blitt mykje telefonar. Vi har prøvd kortare telefontid på Stiftelsestilsynet for å skjerme sakshandsamarane våre. Dette går vi no vekk i frå og prøvar noko nytt.  Vi legg til rette for at våre kundar kan kontakte oss via eit eige kontaktskjema. Då lovar vi svar i løpet av neste arbeidsdag. Du kan sjølvsagt framleis å ringe oss, men du vil få omtrent like raskt svar ved å bruke kontaktskjemaet.

Eit slikt kontaktskjema har ein anna viktig funksjon. Vi får arkivert spørsmåla og det kan overførast til å lage gode FAQs – ofte stilte spørsmål. På ein slik måte kan spørsmåla brukast om att til nytte for våre brukarar.

Digitalt førsteval

Vi er no i gang med å rydde på nettsidene til Lotteritilsynet og momskompensasjon. Begge sidene vil få same visuelle uttrykk som Stiftelsestilsynet  og det skal gjerast ein ryddesjau også her. Det gjenstår å sjå om vi vil ta i bruk kontaktskjema på same måte som Stiftelsestilsynet har gjort. Her må vi gå nokre runder internt for å vurdere behovet.

Vi ønskjer at våre brukarar tar eit digitalt førsteval. Med det meiner vi at du besøker nettsidene våre før du ringer oss. Forhåpentlig finn du informasjonen du leitar etter eller får  løyst oppgåva di. Tips oss gjerne om det er noko du saknar.