Denne personvernerklæringa viser korleis Lotteri- og stiftelsestilsynet samlar inn og bruker personopplysningar på lottstift.no.

Lotteri- og stiftelsestilsynet ved direktøren er behandlingsansvarleg for verksemdas behandling av personopplysningar. Det er frivillig for dei som besøker nettsidene å oppgi personopplysningar i samband med tenester som å motta nyheitsbrev, benytte tips, kontaktskjema og delingstenester.

Behandling av personopplysningar på nettsida

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvenleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøker nettsida. For å analysere informasjonen, brukar vi analyseverktøya Google Analytics og SiteImprove. Desse brukar informasjonskapslar/cookies, som gir informasjon om den enkelte brukars bevegelsar på nett. Eksempel  på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettsider brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir brukt. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knytte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som enkeltperson. Verktøya blir brukt til enkel webstatistikk og vi anonymiserer IP-adressene i tråd med Datatilsynet sine krav. I tillegg brukar vi informasjonskapslar som lagrar aktivt språk og om høgkontrast er slått på eller ikkje.

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) som fører tilsyn etter ekomlova. Ekomlovas vilkår for å bruke informasjonskapslar/cookies er at brukaren har samtykka til dette. Du som brukar treng ikkje gjere noko aktivt for å godta bruk av informasjonskapslar, så lenge det finnast klar og lett tilgjengeleg informasjon på nettsida. Lenke med informasjon til denne sida ligg nedst på alle sidene våre. Ønskjer du at cookies skal avvisast, må du endre innstillingane i nettlesaren din til å blokkere automatisk nedlasting av cookies, eller be om å få eit val før kvar nedlasting.

Nyheitsbrev

Du kan abonnere på nyheitsbrev via nettsidene våre ved å legge igjen e-post på våre nettsider. E-postadressa blir lagra i ein eigen database, den blir ikkje delt med andre og blir seltta når du seier opp abonnementet.

Nyheitsbrevet sender vi ut ca. annankvar måned. Vi brukar MailChimp som verktøy for nyheitsbrevet. For at vi skal sende e-post til rett person må vi registrere e-postadresse. Oppsummert så brukar MailChimp informasjonskapslar til å lagre informasjon om innlogga brukarar.

Fagblogg

Du kan følgje fagbloggen ved å melde deg på via våre nettsider ved å oppgi e-postadresse.  Vi brukar MailChimp for å sende ut fagbloggen via e-post automatisk ved publisering. For at vi skal sende e-post til rett person må vi registrere e-postadresse. Du kan også kommentere på bloggen vår. Du må då oppgi namn og e-post adresse. Namnet blir synleg i kommentarfeltet og e-postadressa må leggast inn slik at du kan bli varsla på e-post om nye kommentarar.

Konferansar

Du kan melde deg på konferansar via vår nettside. Vi ber då om namn, verksemd og e-postadresse. Informasjonen blir ikkje delt med andre, unntatt namn og verksemd som blir lagt ut på ei deltakerliste.

Tips

Du kan tipse oss anonymt eller med namn og e-post. Om du tipsar med namn og vi skal kunne gi deg svar på tipset, må vi registrere namn og e-postadresse. Desse opplysningene blir ikkje delt med andre.

Kontaktskjema

Vi brukar Zendesk til kontaktskjema og kundeoppfølgjing. Oppsummert brukar Zendesk cookies til å lagre informasjon om innlogga brukarar.

Fann du det du leitte etter

Til høgre på dei fleste undersidene på nettsida finn du ein funksjon der du kan gi tilbakemelding på om du fann informasjonen du leitte etter, eller ikkje. Vi brukar tilbakemeldingane til å forbetre innhaldet på nettsida. Vi kan ikkje spore kven som har lagt igjen melding. Funksjonen  blir ikkje brukt til rettleiing, så du kan ikkje stille spørsmål som du ønskjer svar på her.

Delingsknappar

Vi bruker delingsknappar til Facebook, Twitter og LinkedIn for å la våre brukarar dele innhald i sosiale medium. Dette er tredjeparts informasjonskapslar som ikkje blir brukt av Lotteri- og stiftelsestilsynet direkte.