Ofte stilte spørsmål til Lotteri- og stiftelsestilsynet
Mange stiller spørsmål til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Vi har ei eiga side i Zendesk som viser ofte stilte spørsmål til Lotteri- og stiftelsestilsynet med svar (FAQ).
Før du går vidare kan du sjekke om ditt spørsmål er svart på.
Ofte stilte spørsmål og svar finn du på vår Zendesk-side.
Ofte stilte spørsmål
Dei spørsmåla som blir stilt til oss gjentatte gonger legg vi ut på vår Zendesk-side med svar. Dette er meint som sjølvbetjening til våre brukarar. Vi har også lenka til ofte stilte spørsmål på fleire av våre undersider.
Kva spør stiftelsane om
Stiftelsane stiller ofte spørsmål om desse punkta:
- Opprette stiftelse
- Avvikle stiftelse
- Styrearbeid og styreendringar
- Vedtektsendring
- Samanslåing og deling
- Kapital og kapitalforvaltning
For stiftelsetilsynet sine brukarar er det også mogleg å ta kontakt via eit eige kontaktskjema om du ikkje får svar på det spørsmålet du vil ha hjelp til. Vi svarar raskt og seinast innan neste arbeidsdag.
Vi har og ofte stilte spørsmål om uråderett, beslagsforbod og samvirkeføretak.
Spørsmål om lotteri og pengespel
Korleis ta del i ein bingo? Kan vi arrangere lotteri? Kva er reglane for poker i Norge? Er det eg har fått tilbod om å vere med på ein ulovleg pyramide? Dette er eksempel på ulike spørsmål vi ofte får. Vi blir ofte kontakta med spørsmål om:
- Lotteri og bingo
- Poker og nettspel
- Pengespel
- Pyramidar
I tillegg får vi ein del spørsmål om ulike tilskotsordningar og spesielt ordninga med momskompensasjon.