Visjon og verdiar
Lotteri- og stiftelsestilsynets visjon er å verne verdiar. Vi skal vere eit kompetent og objektivt tilsyn som effektivt forvaltar, kontrollerer og fører tilsyn med stiftelsar, lotteri og pengespel i Noreg. Dette skal vi gjere gjennom å vere truverdige, hjelpsame og samhandlande. Visjon, mål og verdiar er forankra i leiinga og i organisasjonen.
Vi vil bli oppfatta som truverdige gjennom
- å vere ryddige i alt vi kommuniserer
- å utøve mynde på ein måte som gir tiltru og legitimitet
- å byggje vedtak på god kunnskap og godt skjøn
- å ha mest mogleg lik og påliteleg sakshandsaming
Vi vil bli oppfatta som hjelpsame gjennom
- å ha gode servicemål som møter brukarane sine forventningar
- å gje korrekt og nok informasjon til rett mottakar så tidleg som råd
- å vere ei open forvaltning og praktisere meiroffentlegheit
- å dele kunnskap og kompetanse
- å utvikle ei god lagånd i avdeling og mellom avdelingar
Vi vil bli oppfatta som samhandlande gjennom
- gode nettverk, konferansar og møte
- gode løysingar på nettsidene våre
- aktiv kunnskapsdeling med andre offentlege etatar og private aktørar
- å utvikle ein hjelpsam kultur