I arbeidet med mange av oppgåvene som Lotteri- og stiftelsestilsynet har ansvar for behandlar vi opplysningar om enkeltpersonar (personopplysningar). Med personopplysningar meiner vi opplysning eller vurdering som direkte eller indirekte kan knyttast til deg som enkeltperson. Denne personvernerklæringa gir informasjon om korleis Lotteri- og stiftelsestilsynet samlar inn og brukar personopplysningar om deg som brukar.

Personvernerklæringa inneheld informasjon du i følge personopplysningslova har krav på når det blir samla inn personopplysningar. Erklæringa gir informasjon om korleis vi samlar inn personopplysningar, kvifor vi gjer dette og dine rettar knytta til vår behandling av personopplysningene.

Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar kontinuerleg med å sikre at dine personopplysningar blir behandla på ein forsvarleg og sikker måte. Vi behandlar opplysningar om deg i tråd med personopplysningslova og anna relevant regelverk.

Behandlingsansvarleg

Lotteri- og stiftelsestilsynet, ved direktøren, er behandlingsansvarleg for verksemdas behandling av personopplysningar, og er ansvarleg for at behandlinga av personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande personopplysningsregelverk.

Behandling av personopplysningar

Når du for eksempel tipsar oss via vår nettside, abonnerer på vårt nyheitsbrev, søker om momskompensasjon for ein frivillig organisasjon, søker om vedtektsendring for ein stiftelse eller er i kontakt med oss på andre måtar, mottar vi ulike typar av personopplysningar frå deg. Du kan lese meir om dette vidare i personvernerklæringa. I nokon tilfelle innhentar vi personopplysningar fra tredjepartar. Dersom vi har lovheimel for innhenting av opplysningar frå tredjepartar vil vi ikkje informere deg om innsamlinga. Eksisterar ikkje lovheimel vil du motta informasjon om at vi innhentar opplysningar frå tredjepartar.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har ulike grunnlag for å behandle dine personopplysningar, for eksempel lovheimel eller samtykke. Dette kan du lese meir om under overskrifta «Nærare om behandling av personopplysningar for ulike formål» lenger nede i teksten.

Vi kan berre utlevere dine personopplysningar dersom vi har eit behandlingsgrunnlag for dette etter personopplysningslova. Eksempel på slikt grunnlag vil typisk vere ei avtale med deg eller eit lovgrunnlag som setter krav til at vi må gi ut informasjonen.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er pålagt å gjere vår offentlege postjournal tilgjengeleg for allmenta på internett. Journalen er eit register over alle inngåande og utgåande saksdokument, og blir gjort tilgjengelig i eInnsyn, som er ein felles portal for statlege etatar. Opplysningar i dokumenter vi får frå deg og registrerar i arkivet vårt, er offentlege, med mindre vi har heimel i lov for at opplysningane kan unntas offentlegheit. Dette inneber at media, næringsdrivande eller andre kan be om innsyn og få utlevert tips, søknader, klager, e-post eller andre dokument du har sendt til oss. Innsyn blir då gitt etter, og med dei unntak som følgjer av, reglane i offentleglova og forvaltningslova. Opplysningar, og personopplysningar, som er underlagt taushetsplikt i eller i medhald av lov er unntatt frå innsyn etter offentleglova.

Formål med behandlinga

Vår innsamling og bruk av dine personopplysningar kan ha ulike formål avhengig av kven du er og korleis vi kjem i kontakt med deg. Generelt gjelder at Lotteri- og stiftelsestilsynet berre kan behandle personopplysningar der det finnast eit kvalifisert og uttrykkeleg angitt formål som er sakleg grunngjeve i verksemda.

Lotteri- og stiftelsestilsynet behandlar i hovudsak personopplysningar for saksbehandlingsformål, under dette drift av register (Stiftelsesregisteret, Lotteriregisteret og Anleggsregisteret) og behandling av ulike søknader, og som ledd i vårt tilsynsarbeid. Vidare behandler vi personopplysningar når publikum sender oss spørsmål eller tipsar oss, for å sende ut nyheitsbrev, for å administrere deltaking på konferansar og når vi rekrutterar til nye stillingar. Ut over dette behandlar vi personopplysningar for å ta hand om dei oppgaver som i eller i medhald av lov er lagt til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Nærare om behandling av personopplysningar til ulike formål

Som del i arbeidet med å utvikle ein brukarvenleg nettstad, samlar Lotteri- og stiftelsestilsynet opplysningar om bruken av våre nettsider. Formålet er å utarbeide statistikk for å forbetre nettsidene og det redaksjonelle innhaldet.

Vi brukar analyseverktøya Google Analytics og Siteimprove. Desse verktøya brukar informasjonskapslar (cookies), som gir informasjon om den enkelte brukars bevegelsar på nett. Cookies er små tekstfiler som blir lagra på din datamaskin. Desse informasjonskapslane blir brukt til å generere statistikk og til å støtte deg som brukar, for eksepmel kan dei bidra til at sider vises raskare. Statistikken som blir generert gir oss blant anna svar på kor mange som besøker nettsida vår, kor lenge besøket varer samt kva nettlesarar som blir brukt.

Lotteri- og stiftelsestilsynet bruker Google Analytics sin sporingskode, som anonymiserer din IP-adresse før informasjonen blir lagra. Vi kan difor ikkje knytte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som enkeltperson, og du kan ikkje identifiserast.

Ved å bruke våre nettsider samtykker du i at det lagrast informasjonskapslar i nettlesaren din. Dei fleste moderne nettlesarar aksepterer informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv velje å endre innstillingane slik at desse ikkje blir akseptert. Du kan også slette informasjonskapslar. Vi gjer merksam på at du kan oppleve redusert funksjonalitet dersom du vel å ikkje akseptere informasjonskapslar.

På dei fleste sider på vår nettstad vil du finne ein funksjon kalt «Fann du det du leitte etter?» som kan brukast til å gi tilbakemelding på nettsida. Tilbakemeldingene blir brukt til å forbedre innhaldet på nettsida. Vi kan ikkje spore kven som har gitt oss tilbakemeldingar.

Du kan abonnere på nyheitsbrev via våre nettsider ved å legge igjen di e-postadresse. Det er frivillig for besøkande på nettsida å oppgi e-postadresse for å abonnere på nyheitsbrev. Behandling av personopplysninga skjer med heimel i det samtykket du gir når du teiknar abonnement på vårt nyheitsbrev. E-postadressa blir nytta kun til å sende nyheitsbrev og mottak av nyheitsbrev kan stoppast ved når du ønskjer. Di e-postadresse blir då sletta frå vår database.

Du kan abonnere på nye innlegg i vår fagblogg ved å legge igjen di e-postadresse på våre nettsider. Det er frivillig for besøkande på nettsida å oppgi e-postadresse for å abonnere på fagbloggen. E-postadressa blir kun nytta til å sende varsel om nye innlegg i fagbloggen og varsler kan stoppast når du ønskjer. Din e-postadresse blir då sletta frå vår database. For å kommentere innlegg i fagbloggen må du oppgi namn og e-postadresse. Behandlingsgrunnlaget er samtykke.

Lotteri- og stiftelsestilsynet bruker Facebook, Twitter, Flickr, LinkedIn, YouTube og ISSUU i vårt kommunikasjonsarbeid. Gjennom desse kanalene formidlar vi aktuelle saker om vår verksemd, faglege oppdateringar, ledige stillingar, arrangementer, pressefoto, publikasjonar og informasjonsfilmar. Lotteri- og stiftelsestilsynet har ansvar for personopplysningar vi sjølv publiserer i sosiale medium. Utgangspunktet er at vi ikkje publiserar personopplysningar i sosiale medium, med unnatak for opplysningar om tilsette i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Vi bruker også delingsknappar til Facebook, Twitter og LinkedIn på våre nettsider for at våre brukarar enkelt kan dele vårt innhald i sosiale medium. Vi viser til dei respektive tenesteleverandøranes retningslinjer for behandling av personopplysningar.

Via vår nettside kan du tipse oss om forhold vedrørande stiftelsar, ulovleg lotteri/pengespel/poker, ulovleg marknadsføring av lotteri/pengespel, ulovleg betalingsformidling, pyramidespel, Norsk Tipping/Norsk Rikstoto, bingospel, lotteri, kampfiksing, grasrotandelen, momskompensasjon, tilskot frå Norsk Tipping og øvrige tema. Tipsa vi får inn vil, saman med anna informasjon vi har, danne eit viktig grunnlag for arbeidet vårt.

Alle tips vi får inn blir vurdert. Om vi skal sette i verk vidare undersøkingarheng saman med ein sammensatt risiko- og vesentligheitsvurdering. Du vel sjølv om du vil tipse oss anonymt eller med fullt namn. Dersom du vel å oppgi din kontaktinformasjon gir du oss anledning til å ta kontakt med deg dersom vi ønskjer meir informasjon.

Når vi behandlar personopplysningar i samband med tips, både opplysningar om tipsar og om den eller dei enkeltpersoner det eventuelt måtte tipsast om, skjer dette som ledd i å utøve den myndigheit og dei oppgaver som er lagt til Lotteri- og stiftelsestilsynet i eller i medhald av lov. Dei aktuelle personopplysningene brukar vi kun i vurderinga og oppfølgninga av det konkrete tipset.

Lotteri- og stiftelsestilsynet behandlar personopplysningar i ei rekke ulike samanhengar i samband med vår alminnlege saksbehandling. Dette gjeld for eksempel der vi handterer og behandlar ulike typer av søknader eller som ledd i drift av Stiftelsesregisteret, Lotteriregisteret og Anleggsregisteret. Behandling av personopplysningar skjer då for å oppfylle våre lovpålagte oppgåver etter blant anna stiftelseslova, lotterilova, pengespellova, offentleglova, arkivlova, forvaltningslova og personopplysningslova.

Det blir registrert ulike typar personopplysningar i vårt arkiv- og saksbehandlingssystem. Dette er opplysningar som namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og anna relevant informasjon som måtte gå fram av saka. I mange tilfelle vil personopplysningane som blir behandla vere avgrensa til opplysningar om ein kontaktperson og/eller styremedlemmar i ein stiftelse eller i ein frivillig organisasjon.

Lotteri- og stiftelsestilsynet samlar inn dokumentasjon og personopplysningar i samband med våre lovpålagte tilsynsoppgaver. Kva personopplysningar som blir behandla vil variere avhengig av tilsynssaka, men opplysningar som kan finnast er namn, adresse, fødsels- og personnummer, helseopplysningar, opplysningar om økonomisk situasjon mv. Personopplysningane blir henta inn blant anna gjennom tips, direkte fra verksemda eller organisasjonen vi har tilsyn med eller fra personer i eller med tilknyting til desse. Behandling av personopplysningar skjer som ledd i Lotteri- og stiftelesestilsynets myndigheitsutøving, og for å løyse dei oppgaver som i eller i medhald av lov er lagt til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Dersom du søker på ei ledig stilling i Lotteri- og stiftelsestilsynet via vår nettside, blir dette gjort via rekrutteringssystemet Webcrutier og vi får tilgang til din søknadsdokumentasjon. Lotteri- og stiftelsestilsynet behandlar desse opplysningane i søknadsprosessen, som ledd i å behandle din søknad etter ønske frå deg.

Lotteri- og stiftelsestilsynet behandlar personopplysningar i ulike samanhengar og prosessar som er nært knytta til vår verksemd, men som fell utanfor dei føremål som er nemnt over. Som publikum kan du kontakte Lotteri- og stiftelsestilsynet via kontaktskjema på vår nettside, på telefon, e-post eller pr. post. Behandling av personopplysningar i samband med slike henvendingar skjer med grunnlag i ditt samtykke.

For å stille oss generelle spørsmål via vår nettside må du legge igjen namn og e-post slik at vi kan svare på spørsmålet ditt. Informasjonsarbeid er eit ledd i Lotteri- og stiftelsestilsynets myndigheitsutøving.

Du kan melde deg på konferansar som blir arrangert av Lotteri- og stiftelsestilsynet via vår nettside. Vi ber då om namn, namn på arbeidsgjevar og e-postadresse. Informasjonen blir brukt til administrasjon i samband med den aktuelle konferansen. Ditt namn og verksemda du representerar blir lagt til på ei deltakarliste som gjerast tilgjengeleg for konferansens  deltakarar. Behandlingsgrunnlaget for dette er samtykke.

Lotteri- og stiftelsestilsynet utfører i enkelte samanhengar spørreundersøkingar. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt ansvar å administrere dataane vi samlar inn, og vi samlar inn personopplysningar gjennom ditt samtykke til å delta i undersøkinga. Personlege opplysningar vil bli anonymisert før resultater og statistikk blir brukt i eventuelle publiseringar.

Informasjonssikkerheit

Når Lotteri- og stiftelsestilsynet behandlar dine personopplysningar skjer dette på ein sikker og forsvarleg måte, og slik at personopplysningane blir verna mot uautorisert eller ulovleg behandling, mot utilsikta tap, øydelegging eller skade. Vi sikrar dine personopplysningar ved både fysisk og virtuell åtgangs- og tilgangskontroll. Tilgang til dine personopplysningar er avgrensa til personell som har eit tenesteleg behov grunngjeve i eit klart formål. Tilsette i Lotteri- og stiftelsestilsynet har taushetsplikt i følge forvaltningslovas reglar.

Databehandlar

Lotteri- og stiftelsestilsynet har inngått databehandlaravtaler som regulerar alle personopplysningar som blir delt med tredjepartar som behandlar personopplysningar på vegne av Lotteri- og stiftelsestilsynet. Desse tredjepartene kan ikkje bruke opplysningane til andre formål enn det som følgjer av databehandleravtala med Lotteri- og stiftelsestilsynet. Databehandlarane er også forplikta til å følgje dei same nivåa for informasjonssikkerheit som Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Dine rettar

Du har rett til å få innsyn i kva personopplysningar vi behandlar om deg og om korleis vi behandlar dei.

Det er viktig at personopplysningane vi har om deg er riktige. Du kan kreve at vi rettar og/eller slettar opplysningar om deg hvis dei er mangelfulle eller ikke riktige.

Lotteri- og stiftelsestilsynet slettar personopplysningar når det ikkje lenger er nødvendig å oppbevare dei for å oppfylle det formål dei vart innhenta for, eller for å etterleve lovpålagte krav. Lotteri- og stiftelsestilsynet arkiverar informasjon, under dette personopplysningar, som er arkivverdige etter reglane i arkivlova.

Kontakt

Har du spørsmål om Lotteri- og stiftelsestilsynets behandling av personopplysningar kan du ta kontakt med oss via følgande e-postadresse: personvernombud@lottstift.no

Merk at det kan klagast til Datatilsynet på behandling av personopplysningar i strid med personvernlovgjevnaden.

Eksterne lenker

Personopplysningslova.

Personopplysningsforskrifta.

Offentleglova.

Forvaltningslova.

eforvaltningsforskrifta.

Arkivlova.

Korleis klage til Datatilsynet?

Informasjon, råd og rettleiing om sikrare bruk av internett.