Denne nettstaden er laga i WordPress, eit publiseringsverktøy med open kjeldekode. Det er mest kjent som bloggplattform, men blir i dag brukt på fleire millionar nettsider – frå små til store. Vi har valgt verktyet fordi vi meiner det er enkelt, billig og gir oss god kontroll på utgiftene. Vi tok i bruk WordPress hausten 2011 og lanserte i januar 2016 nye nettsider med same publiseringsløysing. Rein Design står bak profil og webdesign og Mediebruket har utvikla dei nye sidene.

Best på brukartilpassing

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) meinte at vi var beste statlege aktør på brukartilpassing i 2013. Det er vi stolte av.  Vi fekk også seks stjerner på Difis gradering av offentlige nettstader og var nominert som ein av tre til årets statlege nettstad. Difi sine krav jobbar vi kontinuerleg med å tilpasse oss. Vi brukar Siteimprove som verktøy for å overvake og sikre kvalitet på nett.

Vi har jamleg brukarundersøkingar for å sikre kvalitet på nett. Vi brukte Epinion i 2016 og i 2017 vart vi nominert blant dei fem beste nettsidene blant offentlege verksemder i Farmandprisen.

Responsivt design

Vi tok tidelg i bruk responsivt design (2012), som gjer at nettstaden dynamisk tilpassar seg skjermbreidda. Dette har vi gjort for å tilpasse oss bruk av mobil og nettbrett. Førde-bedrifta Mediebruket har utvikla mobiltilpassa nettsider for oss.

Språk

Nettstaden har det meste på både nynorsk og bokmål. Vi tilbyr også enkelte nettsider på samisk og på engelsk.

Vi har gjennomført eit språkprosjekt internt i organisasjonen, og vi har laga ein oppdatert språkprofil. Profilen bruker vi aktivt i all skriftleg kommunikasjon, også på nettstaden.