Flest spelarar har problem med kasinospel, og spel som spelast av få har flest risiko- og problemspelarar. 

Spel som blir spelt av få har generelt et høgare innslag av moderate risikospelarar/problemspelarar enn spel som blir spelt av forholdsvis mange. Dette heng saman med at problemspelarar deltar i fleire typar spill.

Kasinospel er det farlegaste spelet

Rundt 45 000 spelarar hos utanlandske kasinospel er problem- eller risikospelarar.

Fakta om undersøkelsen

  • Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019 er gjort av Universitetet i Bergen på oppdrag fra Lotteritilsynet.
  • 63,6 prosent av nordmenn spelar pengespel.
  • 55 000 nordmenn har problemer med pengespill, og 122 000 er moderate risikospillere.
  • Dette er en økning fra sist undersøking, som ble gjort i 2015. Da var 34 000 nordmenn problemspillere og 88 000 moderate risikospillere.

 

-Spel på kasino på utanlandske nettsider i årevis har toppa Hjelpelinjestatistikken. Eit stort fleirtal nemner utanlandske kasinotilbydarar, medan eit fåtal nemner Norsk Tipping, seier seniorrådgjevar Lars Petter Degnepoll i Lotteritilsynet.

 
Hjelpelinjestatistikken les du her.

Både ulovlege nettkasino og Norsk Tipping sitt Kong kasino- tilbod har høg del moderate risiko- og problemspelarar. Det ulovlege tilbodet har 44%  medan Kongkasino har 37 %.

Hos Norsk Tipping kan ein ikkje tape meir enn maksimalt 10 000 kroner på ein månad på kasinospela. Dermed gjer ein ikkje uoppretteleg skade dersom spelinga tek overhand. I tillegg kjem den maksimale tapsgrensa på 20 000 kroner i månaden på tvers av alle spel hos Norsk Tipping.

-Dette er høge tal, og difor er det viktig at den lovlege delen av dette tilbodet ikkje kan spelast utan at ein set grenser. Forsking viser at slike grenser må vere obligatoriske for at dei skal virke, seier Degnepoll.

Nytt forskingsprosjekt

Når det gjeld bingospela, har Belago og Bingoria, som blir tilbydd av Norsk Tipping obligatoriske og øvre tapsgrenser. Databingo som er tilbydd av bingoentreprenørar har få spelarar, men mange av dei er risiko- og problemspelarar.

-Det er ikkje så mange som ringer Hjelpelinja og rapporterer om problem med bingospel. Vi har lite kunnskap om spel i bingohallar, difor er vi glade for at Spillforsk ved Universitetet i Bergen skal gjennomføre eit forskingsprosjekt, der dei mellom anna skal sjå nærmare på spel i bingohallane.

Belago og Bingoria som er tilbydde av Norsk Tipping og har obligatoriske og øvre tapsgrenser. Det vil seie at ein ikkje kan spele på seg uopprettelege økonomiske konsekvensar.

Likevel er farten på trekninga mykje lågare enn til dømes på eit kasinospel, difor er spelet vurdert til å ha lågare risiko for problemspel.

– Det er heller ikkje så mange som ringer Hjelpelinja og rapporterer om problem med bingospel. Vi har lite kunnskap om spel i bingohallar, difor er vi glade for at Spillforsk ved Universitetet i Bergen skal gjennomføre eit forskingsprosjekt, der dei mellom anna skal sjå nærmare på spel i bingohallane, seier Degnepoll.

Rapporten viser at talspel og skrapelodd på papir er spela som blir spelt av flest. Dette er spel med få risiko- og problemspelarar.

Les heile rapporten her.