Speltypar Norsk Tipping

Norsk Tipping er pliktig å følgje retningsliner for marknadsføring av spel og reglar for distribusjon av spel gjennom elektroniske kanalar.

Når Norsk Tipping har forslag til nye spel eller endringar i spel og spelereglar skal Lotteritilsynet uttale seg om forslaga før søknad sendes til Kulturdepartementet. I uttalen vurderer vi om forslaget har risiko for problematisk speleatferd, om det har påverknad for vår kontroll og om forslaget har andre verknader på spelemarknaden generelt. Norsk Tipping tilbyr følgjande spel:

  • Eurojackpot
  • Extra
  • Joker
  • Keno
  • Lotto
  • Oddsen
  • Tipping
  • Viking Lotto
  • Flax
  • Nettspel (Instaspel)
  • Multix
  • Belago

Sjå spelereglar for dei  enkelte spela på Norsk Tipping sin nettstad.

Multix og Belago

Det går fram av spelereglane for Multix og Belago at det er Lotteritilsynet som godkjenner nye speltypar på terminalane. Lotteritilsynet mottar søknad med spelbeskrivelse og dokumentasjon for at spelet er i samsvar med krav i spelereglane. Dersom vi finn at dokumentasjonen er tilstrekkelig godkjenner vi normalt spelet. Ved endringar/eller retting av feil i eit spel skal Norsk Tipping søke på nytt med ny dokumentasjon.