Føremålet med informasjonsbrev er å gjere betalingsformidlarane kjende med regelverket og klar over forbodet som gjeld i Noreg. Førmålet er også å avdekke om betalingsformidlarane i tillegg til pengespeltransaksjonar har lovlege transaksjonar. Vi orienterer også om konsekvensen ved å halde fram med pengespeltransaksjonar, ved at Lotteritilsynet kan treffe vedtak ovanfor norske bankar og andre som yter betalingstenester i Noreg, med pålegg om å avvise transaksjonar til og frå selskapet.

Lotteritilsynet kan kun pålegge norske bankar og andre som yter betalingstenester i Noreg å avvise transaksjonar ved vedtak. Informasjonsbrev er ikkje vedtak. Vi viser for øvrig til det generelle forbodet mot å formidle innsats og utbetaling i pengespel utan løyve i Norge.

Lista viser kven vi har sendt informasjonsbrev til.

DatoSelskapMerknadsfelt
13.11.2019Urus London Ltd.
03.05.2019Hillside (Sports) GP Limited
03.05.2019 Affiliate Squared Ltd.
12.03.2019 EMP Services SA
05.03. 2019Paymentworld Europe Ltd.
04.02.2019PPRO Financial Ltd.
14.11.2018Nuapay