På denne sida finn du pengespelstatistikk og nøkkeltal både for den regulerte og den uregulerte marknaden.

Nøkkeltal den regulerte pengespelmarknaden

Omlag 2,2 millionar nordmenn spelar pengespel. Tal frå 2015 viser at ca 62 prosent av norske menn og 54 prosent av norske kvinner deltar i pengespel.

Under ser du oversikt over totalomsetning i den regulerte pengespelmarknaden og utbetaling til formål dei fem siste åra. Bruk nedtrekkspila for å få oversikt.

I 2016 var brutto omsetning 40,7 milliardar kroner. Kvar innbyggjar, 18 år og eldre vil i snitt ha satsa kroner 9900 kroner på regulerte pengespel. Når gevinstane er trekte ifrå la nordmenn igjen 10,1 milliardar kroner på pengespel. Dette utgjer nærare 2500 kroner per innbyggjar.

Nøkkeltal speleproblem

I Norge er det 122000 risiko- og problemspelarar.  Dei mest problematiske spela er online kasino, poker og oddsspel. Av dei som tar kontakt med Hjelpelinja var det i 2016 84 prosent menn og 16 prosent kvinner. Under kan du sjå kor mange som ringer Hjelpelinja om pengespelproblem.

Nøkkeltal den uregulerte pengespelmarknaden

Om lag 250 000 nordmenn spelar pengespel hos utanlandske spelselskap. Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader utgjer mellom 1,5 og 1,8 milliardar kroner i 2016.

Meir detaljert statistikk

I vårt publikasjonsarkiv finn du blant anna detaljert årsstatistikk for norske pengespel og samtalestatistikk for Hjelpelinja. I tillegg finn du ulike  forskingsrapportar om pengespel og speleproblem.