I 2017 auka brutto omsetning i den norske regulerte pengespelmarknaden til 43,7 milliardar kroner frå 40,7 milliardar kroner i 2016. Det er omsetninga hos Norsk Tipping som står for størstedelen av denne auken.

Samandrag

Kvar innbyggjar, 18 år og eldre, satsa i gjennomsnitt 10 600 kroner på regulerte pengespel i 2017. Når gevinstane er trekte frå, la nordmenn igjen 10,3 milliardar kroner på pengespel. Dette utgjer 2 500 kroner per innbyggjar.

Innsats og tap på utanlandske nettstader kjem i tillegg til dette. Gjennom kvartalsvise målingar som Sentio Research Norge AS har utført for oss, kjem det fram at 740 000 nordmenn spelte pengespel på Internett i 2017, og at om lag 190 000 av desse spelte på utanlandske nettstader. Vi reknar med at desse målingane ikkje fangar opp alt spel, men meir av dei som spelar ofte enn dei som spelar sjeldan.

Nøkkeltal 2017

Tabellen under viser brutto og netto omsetning. Brutto omsetning er det samla innsatsbeløpet frå spelarane. Netto omsetning er beløpet som spelarane har lagt igjen etter at gevinstar er utbetalt. Netto omsetning blir fordelt mellom formål og aktørar (t.d. lag og organisasjonar, entreprenør, operatør eller kommisjonær). Denne fordelinga blir presentert i årsstatistikken som kjem hausten 2018.

 Brutto (mill. NOK)Netto (mill. NOK)Stake (mill. EURO)GGR (mill. Euro)
Per capita
(18 år/yrs +)
1060025001140270
NT - talspel og Flax1112154851192588
NT - sportsspel328288435295
NT - Instaspel10899719116877
NT - Multix620448366552
NT - Belago341126336628
Norsk Rikstoto38941242417133
Lotteri (inkl. poker *)4503505040
Bingo *385075041080
Spel på skip55774608
Totalt436501025046801100

* estimat, NOK runda av til næraste 50 mill. EURO rounded to nearest 10 mill.

Utvikling 2016 – 2017

 Brutto (2016) Netto (2016)Brutto (2017) Netto (2017)Endring (brutto)Endring (netto)
Totalt *407091014343650102507-8 %1-2 %
NT - talspel og Flax1114254901112154850 %0 %
NT - sportsspel329389032828840 %- 1 %
NT - Instaspel78425261089971939 %37 %
NT - Multix66585226204483- 7 %- 7 %
NT - Belago3094252341126310 %4 %
Norsk Rikstoto38811244389412420 %0 %
Lotteri (inkl. poker )*452338450350stabilt
Bingo *39528043850750mindre reduksjon
Spel på skip3957755774- 4 %

* estimat 2017, NOK runda av til næraste 50 mill.

Norsk Tipping si omsetning har auka for spel i kategorien Instaspel (online kasino, online bingo og online skrapespel) og for Belago-terminalar i bingohallar. Omsetninga på Multix-terminalane er redusert.  Norsk Rikstoto si brutto omsetning vart nær 3,9 milliardar kroner og er stabil samanlikna med året før.

Spel på skip har hatt ein reduksjon i netto omsetning. På grunn av ulik rapportering av brutto omsetning i 2016 og 2017 er ikkje bruttotala samanliknbare.

For bingo og lotteri er tala foreløpige. Bingo består hovudsakleg av entreprenørbingo der vi har brukt rapporterte tall, men for foreiningsbingo og radiobingo er tal framskrivne med utgangspunkt i 2016. Foreløpige tal viser at bingo med og utan entreprenør hadde ei samla brutto omsetning på nærare 3,9 milliardar kroner i 2017 medrekna databingo. I  2017 var det 236 bingohallar knytt til 56 bingoentreprenørar som har hatt løyve til å entreprenørbingo . Omsetninga er noko redusert gjennom 2017.

For dei andre lotteria, samla sett, reknar vi med ei stabil omsetning samanlikna med året før.

Nordmenn si deltaking i den norske, regulerte lotteri- og pengespelmarknaden

Lotteritilsynet får årleg gjennomført i befolkninga. Målingane blir utført i juni og desember. Kvar gong blir 1 000 personar 15 år og eldre spurde om deltaking i dei ulike spela.

Diagrammet under  som har spelt det siste året fordelt på kvinner og menn. Det blir og vist total prosentdel i befolkninga.

Av Norsk Tipping sine spel er talspel og Flax dei spela som flest har spelt det siste året (høvesvis 49 % og 46%). Færrast har spelt på Tipping og oddsspel, Instaspel (online kasino- skrapespill eller bingo) samt terminalspela Multix og Belago. Langt færre har sagt dei spelar hos Norsk Rikstoto (7 %). Dette er ein lågare prosentdel enn for Norsk Tipping sine sportsspel (11 %).

Blant private spel og lotteri er det flest som svarer at dei har kjøpt lodd i mindre lokale lotteri (44 %). Færrast har svart at dei har spelt bingospel hos bingoentreprenørar. For mange spel har menn oftast sagt at dei deltek, men kvinner seier oftare at dei kjøper skrapelodd eller mindre lokale lotteri.

På grunn av feilmarginar ved målingane vil reell andel spelarar kunne avvike noko frå det som er presentert her. Diagrammet under viser deltaking i spel fordelt på aldersgrupper.

Hovudinntrykket er at talspela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto sine hestespel, samt andre lotteri har forholdsvis fleire spelarar blant dei eldre aldersgruppene. Andre spel har oftare deltaking blant yngre.

Talet på nettspelarar er stort sett stabilt frå 2016 til 2017

Kvartalsvise målingar  viser stabilitet i talet på nettspelarar i 2017 samanlikna med året før. I 2017 viser målingane at 740 000 nordmenn frå 18 år og oppover spelte på internett eller mobil. Dette utgjer 17,9 prosent av . For 2016 berekna vi 710 000 nettspelarar, som då utgjorde 17,3 prosent.

Sidan våre berekningar baserer seg på regelmessige målingar utført gjennom heile år, får vi etterslep. Talet på nettspelarar ved utgangen av 2017 kan reelt sett vere høgare enn vi får fram her.  Det kan og tenkjast at målingane i større grad fangar opp dei som spelar ofte og jamleg enn dei som spelar sjeldan og sporadisk.

Nettspelarar deltek både på norske og utanlandske nettstader, men langt fleire spelar på norske enn på utanlandske. 73 prosent av nettspelarane har i 2017 svart at dei berre har spelt hos Norsk Tipping eller Norsk Rikstoto, 14 prosent har spelt både på norske og utanlandske nettstadar mens 12 prosent svarer at dei berre har spelt på utanlandske nettstader.

Ut frå dette resultatet spelar 16 % av befolkninga på norske nettstader, det utgjer 640 000 personar i 2017. Tilsvarande tal i 2015 var 630 000 spelarar.

At så mange nordmenn spelar på nett hos dei norske selskapa heng mykje saman med at mange spelar talspel som til dømes Lotto på nett. Dvs at dei t.d. leverer lottokupongen på nett eller mobil i staden for i butikken. Av nettspelarane totalt sett er det 80 % av dei om har spelt dei siste tre månadene, som har spelt talspel som Lotto, Viking Lotto eller Keno. Til samanlikning er dei spela som deretter er spelt av forholdsvis mange, tipping og odds med 26 % og liveodds med 13 %.

Stabil deltaking på utanlandske nettstader

Ut frå målingane har 190 000 spelarar spelt på utanlandske nettstader. Dette utgjer 4,6 % av den vaksne befolkninga. Talet er om lag uendra frå 2016 då resultatet viste 4,7 %.

At endringa er lita blir underbygd i dei  i tillegg til dei kvartalsvise. I dei halvårlege målingane inngår eit spørsmål om spel på nett hos andre tilbydarar enn Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, og 4,6 prosent svarde også her at dei har spelt på utanlandske nettstader i løpet av det siste året.  I 2016 var dette talet 4,4 %.

Diagrammet under viser ein langvarig stabilitet når det gjeld nordmenns deltaking på utanlandske nettstader.

Som nemnt innleiingsvis fangar ikkje målingane våre opp alt spel blant nordmenn, og vi reknar dermed med, som for 2016, at om lag 250 000 nordmenn har spelt hos utanlandske nettselskap i 2017.

For dei typar spel der Norsk Tipping konkurrerer med dei utanlandske spelselskap viser dei halvårlige målingane at andel spelarar hos Norsk Tipping aukar. Diagrammet under syner andel i befolkninga som ut frå desse målingane har spelt på utanlandske nettstader samanlikna med dei som har spelt tilsvarande spel hos Norsk Tipping.

*  For Norsk Tipping gjeld dette spel på nett eller mobil. Her inngår Tipping, Odds, Liveodds, KongKasino, Bingoria og Flax. For utanlandske aktørar er også poker med (poker blir ikkje tilbydd av NT)

Kven er nettspelarane og korleis spelar dei?

Kvartalsvise målingar viser at nettspelarane oftast er menn. Blant menn har 24 % spelt på nett eller mobil det siste året, og blant kvinner er andelen 12 %.  Etter alder er andelen nettspelarar høgast blant personar mellom 30 og 39 år. Her har 24 % spelt på nett eller mobil. Andelen er lågast (12 %) blant personar som er 50 år og eldre.

Dei fleste spelar på ettermiddag eller kveld, og færrast om natta. Mange brukar mobiltelefon.

Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

Det er hovudsakleg berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som tilbyr regulerte pengespel på nettet her i landet. I 2017 lanserte Unicef eit lotteri som blir selt over internett og mobil.  Dette lotteriet er framleis i oppstartsfasen, og var ikkje med i målingane i 2017.

Ifølgje målingane spelte 85 prosent av nettspelarane hos Norsk Tipping, medan 10 prosent spelte hos Norsk Rikstoto i løpet av dei siste 12 månadene.

Til samanlikning var det berre ein utanlandsk nettstad der 10 prosent eller fleire av nettspelarane hadde spelt. Dette gjeld Unibet der 13 % av nettspelarane sa dei hadde spelt det siste året.

Frekvens og innsats

I målingane våre for 2017 har 37 prosent av nettspelarane sagt at dei spelte 13 gonger eller meir i løpet av siste kvartalet.   . Det betyr speling i overkant av ein gong i veka.

Blant dei som berre speler på norske nettstader var snittet 13 gonger. For  dei som berre speler på utanlandske nettstader var snittet 20, og for dei som spelte både på norske og utanlandske var snittet 21 gonger i løpet av eit kvartal.

Uavhengig av kva spelarane har spelt for har vi spurd kor stort innskot dei vanlegvis gjer når dei er logga på ein nettstad og spelar pengespel. Dvs. kor mykje dei overfører frå eigen bank-konto til ein spelarkonto hos eit spelselskap.  Blant dei som spelar på berre norske nettstader er snittet kr 250 og blant dei som spelar berre på utanlandske er snittet kr 500. Hos dei som spelar på både norske og utanlandske er snittet kr 430.

Frå undersøkingane ser det ut til at dei som spelar hos utanlandske speleselskap spelar oftare og for meir pengar enn dei som spelar berre på norske nettstader.

Kva legg nordmenn igjen på utanlandske nettstader (GGR)?

Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader, eller det nordmenn la  igjen her etter gevinstutbetaling, utgjer mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner i 2017. Dette er ein auke frå estimatet vi hadde for 2016 (1,5 – 1,8 mrd). Sidan bruk av kjelder i tilgjengeleg informasjon og metode for estimat har endra seg, er det vanskeleg å samanlikne dei to åra direkte.

Estimatet for 2017 bygger på berekningar frå fleire kjelder:

  • Marknadsprisen for TV-marknadsføringa til utanlandske speleselskap.
  • Data frå valutaregisteret.
  • Omsetning hos Norsk Tipping sett opp mot data frå målingane til Sentio Research AS.
  • Vekst i den regulerte marknaden (2017) sett opp mot estimatet som blei gjort for 2016.
  • Data frå analyseselskapet GBGC, Global Betting and Gaming Consultants.

Med utgangspunkt i berekningane estimerer vi netto omsetning – eller Gross Gaming Revenue (GGR) til å utgjere mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner.

Samtaler om kasinospel dominerer Hjelpelinja

Hjelpelinja for speleavhengige har hatt ein auke i samtaler gjennom 2017. Tal samtaler om pengespel har stige med 34 prosent frå 568 i 2016 til 763 i 2017. Tal førstegongssamtaler har stige med 21 prosent til 605 samtaler.

2017 er tredje året på rad der det er ein auke i førstegongssamtaler om pengespel.  Samtaler om kasinospel, og særleg frå utanlandske tilbydarar, dominerer samtalene ved Hjelpelinja. Deretter kjem samtaler om oddsspel og poker. Tabellen under viser kva spel førstegongssamtalene i 2017 gjaldt. Dersom fleire spel har vore omtalt i same samtale vert det spurt om kva spel som er hovudproblemet.

Hovudproblemspel
(eller det einaste..)
Tal samtalarAndel (%)
Totalt605100%
Kasinospel (nett)24741%
Liveodds142%
Odds498%
Poker6010%
Bingo132%
Databingo/NT Belago40,7%
Hestespel244%
NT Terminal (Multix)183%
Lotto/Viking Lotto/
EuroJackpot/Extra/
Joker/Keno/Nabolaget
81%
Tipping71%
Skrapespel30,5%
Andre pengespel40,7%
Pengespel
(ikkje spesifisert)
15225%
Dataspel
(spel som ikkje er pengespel)
20,3%

Av  er Norsk Tipping åleine nemnt som tilbydar i 4 prosent av kasinosamtalene i 2017. I 14 prosent av samtalene blir både Norsk Tipping og utanlandske operatørar nemnde. 82 prosent av kasinosamtalene handlar utelukkande om utanlandske speltilbydarar.  For oddsspel nemner 58 prosent spel hos utanlandske operatørar og 19 prosent viser til spel hos Norsk Tipping.

 Dei fleste av desse, 82 prosent, oppgir nettpoker. Sidan Norsk Tipping ikkje tilbyr nettpoker, er dette spel hos ein utanlandsk tilbydar. Resten nemner poker i vennelag eller pokerklubb.

Totalt blir det  i 57 prosent av samtalene. Dette er eit minimum sidan vi ikkje har data om dei 25 prosent av samtalene som ikkje har spesifisert kva type pengespel dei har problem med.

Andelen samtaler som gjeld kvinner er stabil på 16 prosent av samtalene. Det er berre små endringar i alderssamansetninga til dei som samtalene gjeld. Men det er store variasjon i kva spel folk i ulike aldersgrupper har problem med. I alle aldersgrupper er det problem med kasinospel og oddsspel. Men det er nesten berre dei yngste som har problem med poker, og nesten berre dei eldste som har problem med hestespel og bingospel.

Hjelpelinja spør også innringarane om dei har spelegjeld på samtaletidspunktet. I 2017 hadde 31 prosent av dei som ringde Hjelpelinja for første gong spelegjeld på meir enn ein halv million kroner. 55 prosent hadde spelegjeld på meir enn 100 tusen kroner. Andelen med høg spelegjeld har auka dei siste tre åra.

Når det gjeld andre konsekvensar for spelarane, svarer 72 prosent at dei opplever helsemessige problem av psykisk art. 60 prosent seier dei på grunn av speleproblema har svekka sosiale relasjonar til personar som står dei nær.