I 2019 var brutto omsetning 49,6 milliardar kroner. I 2018 var omsetninga 46,5 milliardar. Netto omsetning var i 2019 nær 10,6 milliardar kroner, mens den i 2018 var nær 10,5 milliardar kroner. Det er hovudsakeleg omsetninga hos Norsk Tipping, entreprenørbingo og dei større lotteria med lisens som har auka det siste året.

Last ned statistikken i PDF.

Kvar innbyggjar, 18 år og eldre vil i snitt ha satsa kroner 11 700 kroner på regulerte pengespel. Når gevinstane er trekte ifrå la nordmenn igjen 2 500 kroner per innbyggjar.

Innsats og tap på utanlandske nettstader kjem i tillegg til dette. Gjennom kvartalsvise målingar som Sentio Research Norge AS har utført for oss, kjem det fram at om lag ein million 990 000 nordmenn spelte pengespel på Internett i 2019, og at om lag 170 000 av desse spelte på utanlandske nettstader. Vi reknar med at desse målingane ikkje fangar opp alt spel, men meir av dei som spelar ofte enn dei som spelar sjeldan.

Nøkkeltal 2019

 Brutto (mill. NOK)Netto (mill. NOK)Stake (mill. EURO)GGR (mill. Euro)
NT - talspel og Flax11 615 5 724 1 179 581
NT - sportsspel3 797 94738596
NT - Instaspel18 030 981 1 830 100
NT - Multix3 671 28337329
NT - Belago3 153 21932022
Norsk Rikstoto3 398 1 070 345109
Lotteri (inkl. poker *)6004106142
Bingo *4 750 86048287
Spel på skip5568656 9
Totalt 49 570 10 580 5 031 1 074
Per capita
(18 år/yrs +)
11 700 2 500 1 200 300

*estimat 2019. NOK avrundet til nærmeste 10 millioner.

Tabellen viser brutto og netto omsetning. Brutto omsetning er det samla innsatsbeløpet frå spelarane. Netto omsetning er beløpet som spelarane har lagt igjen etter at gevinstar er utbetalt. Netto omsetning blir fordelt mellom formål og aktørar (t.d. lag og organisasjonar, entreprenør, operatør eller kommisjonær).

Denne fordelinga blir presentert i ein årsstatistikk som kjem ved utgangen av 2020.

Utvikling 2018-2019

 Brutto (2018) Netto (2018)Brutto (2019)Netto (2019)Endring (brutto)Endring (netto)
NT - talspel og Flax11 642 5 710 11 615 5 724 0 %0 %
NT - sportsspel3 556 9063 797 9477 %5 %
NT - Instaspel13 895 83518 030 98130 %18 %
NT - Multix5 398 417 3 671 283- 32 %- 32 %
NT - Belago3 631 275 3 153 219- 13 %- 20 %
Norsk Rikstoto3 611 1 154 3 398 1 070 - 6 %- 7 %
Lotteri (inkl. poker )*489354 600 41023 %16 %
Bingo *3 761 746 4 750 860 26 %15 %
Spel på skip5668555686- 2 %1 %
Totalt *46 54910 481 49 570 10 580 7 %1 %

Norsk Tipping si omsetning har auka særleg for spel i kategorien Instaspill (online kasino, online bingo og online skrapespel), men og for sportsspel. Omsetninga på Multix- og Belago-terminalane er redusert. Omsetningsauken for bingo skuldast auke i omsetninga for databingo, noko som kan skrivast tilbake til endring i bingoforskrifta der databingoen fekk auka trekningshastigheit. Auken for lotteri skuldast auke i omsetninga for einskilde lotter med lisens, sokalla § 7 lotteri.

Norsk Rikstoto si brutto omsetning vart rett under 3,4 milliardar kroner og er ein nedgang samanlikna med året før.

For bingo og lotteria er tall foreløpige. Bingo består hovudsakleg av entreprenørbingo der vi har brukt rapporterte tall, men for foreiningsbingo og radiobingo er tall framskrevne med utgangspunkt i 2018.

Bingo med og utan entreprenør hadde ei samla brutto omsetning på mellom 4,7 og 4,8 milliardar kroner i 2019 medrekna databingo. I 2019 var det 234 bingohallar knytt til 50 bingoentreprenørar. Lotteri har hatt ein auke og dette skuldast auke i omsetning blant lotteri med lisens.

Spel på skip har hatt ein meir stabil omsetning samanlikna med 2018.

Nordmenn si deltaking i de norske regulerte lotteri- og pengespelmarknaden

Lotteritilsynet får årleg gjennomført i befolkninga. Målingane blir utført i juni og desember. Kvar gong blir 1 000 personar 15 år og eldre spurde om deltaking i dei ulike spela.

Diagrammet under  som har spelt det siste året fordelt på kvinner og menn. Det blir og vist total prosentdel i befolkninga.

Av Norsk Tipping sine spel er talspel og Flax dei spela som flest har spelt det siste året (høvesvis 47 % og 40 %). Færrast har spelt på terminalspela Multix og Belago.

Færre har sagt dei spelar hos Norsk Rikstoto (6 %). Dette er ein lågare prosentdel enn for Norsk Tipping sine sportsspel (9 %).

Blant private spel og lotteri er det flest som svarer at dei har kjøpt lodd i pantelotteriet (37 %) og i andre lotteri (35 %) der andelen er størst for dei mindre lotteria der berre i underkant av 2 % seier dei har delteke i større lotteri med lisens. Færrast har svart at dei har spelt bingospel hos bingoentreprenørar.

På grunn av feilmarginar ved målingane vil reell andel spelarar kunne avvike noko frå det som er presentert her.

For mange spel har menn oftast sagt at dei deltek, men kvinner seier oftare at dei kjøper skrapelodd eller andre lotteri.

Diagrammet under viser deltaking i spel fordelt på aldersgrupper.

Auke i talet på nettspelarar frå 2018-2019

Kvartalsvise målingar  viser ein auke i talet på nettspelarar i 2019 samanlikna med året før. I 2019 viser målingane at 990 000 nordmenn frå 18 år og oppover spelte på internett eller mobil. Dette utgjer 23 prosent av . For 2018 berekna vi 840 000 nettspelarar, som då utgjorde 20 prosent.

Sidan våre berekningar baserer seg på regelmessige målingar utført gjennom heile år, får vi etterslep. Talet på nettspelarar ved utgangen av 2019 kan reelt sett vere høgare enn vi får fram her.  Det kan og tenkjast at målingane i større grad fangar opp dei som spelar ofte og jamleg enn dei som spelar sjeldan og sporadisk.

Nettspelarar deltek både på norske og utanlandske nettstader, men langt fleire spelar på norske enn på utanlandske nettstader. 82 prosent av nettspelarane har i 2019 svart at dei berre har spelt hos Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkodelotteriet eller Unicef-lotteriet. 11 prosent har spelt både på norske og utanlandske medan 7 prosent svarer at dei berre har spelt på utanlandske nettstader.

Frå resultatet spelarar 21 % i befolkninga på norske nettstader, som utgjer 900 000 personar i 2019. Tilsvarande tall i 2018 var 770 000 spelarar.

At så mange nordmenn spelar på nett hos dei norske selskapa heng mykje saman med at mange spelar talspel som til dømes Lotto på nett. Dvs. at dei t.d. leverer lottokupongen på nett eller mobil i staden for i butikken. Av nettspelarane totalt sett, er det 86 % av dei om har spelt dei siste tre månadene, som har spelt talspel som Lotto, Viking Lotto eller Keno. Til samanlikning er dei spela som deretter er spelt av forholdsvis mange, tipping og odds med 23 %, skrapespel med 11 % og liveodds med 10 %.

Stabil deltaking på utanlandske nettstader

Frå målingane har 170 000 spelarar spelt på utanlandske nettstader. Dette utgjer 4,1 % av den vaksne befolkninga. Talet er stabilt samanlikna med året før.

At endringa er lita blir underbygd i dei i tillegg til dei kvartalsvise. I dei halvårlege målingane inngår eit spørsmål om spel på nett hos andre tilbydarar enn Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, og 4,6 prosent svarte også her at dei har spelt på utanlandske nettstader i løpet av det siste året.  I 2018 var tilsvarande prosent 4,8.

Diagrammet under viser ein langvarig stabilitet når det gjeld nordmenns deltaking på utanlandske nettstader.

Som nemnt innleiingsvis fangar ikkje målingane våre opp alt spel, og vi reknar dermed med at om lag 200 – 250 tusen har spelt hos ulovlege nettselskap i 2019.

For den type spel der Norsk Tipping konkurrerer med dei utanlandske spelselskap viser dei halvårlege målingane at prosentdel spelarar hos Norsk Tipping aukar. Diagrammet under syner prosentdel i befolkninga som frå desse målingane har spelt på utanlandske nettstader og andel som har spelt tilsvarande spel hos Norsk Tipping.


*For Norsk Tipping gjelder spel på nett eller mobil. Her inngår Tipping, Odds, Liveodds, KongKasino, Bingoria og Flax. For utanlandske aktørar er også poker med (poker blir ikkje tilbydd av Norsk Tipping).

Kven er nettspelarane og korleis spelar dei?

 

Kvartalsvise målingar viser at nettspelarane oftast er menn. Blant menn har 28% spelt på nett eller mobil det siste året, og blant kvinner er andelen 18 %.  Etter alder er andelen nettspelarar høgast blant personar mellom 30 og 39 år. Her har 30 % spelt på nett eller mobil. Andelen er lågast blant personar som er 50 år og eldre der andelen er 18 %.

Dei fleste spelar på ettermiddag eller kveld, og dei færrast om natta. Mange nyttar mobiltelefonen og i 2019 om lag tre av fire som spelar på nett.

Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

Det er hovudsakleg berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som tilbyr regulerte pengespel på nettet her i landet. Unicef lanserte i 2017 eit lotteri og hausten 2018 lanserte WWF og SOS Barnebyer Postkodelotteriet som blir selt over internett og mobil.  Desse lotteria var ikkje med i målingane i 2018.

Ifølgje målingane spelte 90 prosent av nettspelarane hos Norsk Tipping, medan 8 prosent spelte hos Norsk Rikstoto i løpet av dei siste 12 månadene. Postkodelotteriet vart oppgitt av 3 prosent og Unicef-lotteriet 1 prosent.

Blant utanlandske nettspelselskap var Unibet størst, og 10 % sa dei hadde spelt der.

Frekvens og innsats

I målingane våre for 2018 har 39 prosent av nettspelarane sagt at dei spelar 13 gonger eller meir i løpet av siste kvartalet. Gjennomsnittet var 14,9 gonger. Snittet utgjer speling litt i overkant av ein gong i veka.

Blant dei som berre speler på norske nettstader var snittet 14,4 gonger. For  dei som berre speler på utanlandske nettstader var snittet 12,2 og for dei som spelte både på norske og utanlandske var snittet 20,9 gonger i løpet av eit kvartal.

Uavhengig av kor mykje spelarane har spelt for, har vi spurd kor stort innskot dei vanlegvis gjer når dei er logga på ein nettstad og spelar pengespel. Dvs. kor mykje dei overfører frå eigen bank-konto til ein spelarkonto hos eit spelselskap. Avrunda er snittet 271 kroner. Blant dei som spelar på berre norske nettstader er snittet kr 240 og blant dei som spelar berre på utanlandske er snittet kr 328. Hos dei som spelar på både norske og utanlandske er snittet kr 469.

Frå undersøkingane ser det ut til at dei som spelar hos utanlandske speleselskap spelar for meir pengar enn dei som spelar berre på norske nettstader.

Kva nordmenn legg igjen på utanlandske nettstader (GGR)

Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader, eller det nordmenn la  igjen her etter gevinstutbetaling, utgjer mellom 1,7 og 2,0 milliardar kroner i 2019. Forenkla blir dette 1,85 milliard kroner. Dette viser ein liten reduksjon frå estimatet vi hadde for 2018 (1,8 – 2,2 mrd). Sidan bruk av kjelder og tilgjengeleg informasjon endrar seg noko, er det vanskeleg å samanlikne dei to åra direkte.

Estimatet er berekna med utgangspunkt i fem kjelder:

  • Berekna verdi av marknadsføringa til dei utanlandske selskapa
  • Omsetninga hos Norsk Tipping sett opp mot data frå målingane til Sentio Research AS
  • Utsegn og rapporterte tall frå den utanlandske bransjen, ei antaking om redusert omsetning også i Norge.
  • Tall frå analyseselskapa GBGC og H2GC.

Det bør nemnast at etter Lotteritilsynet hadde utarbeidd dette estimatet i mars 2020, så auka H2GC sitt estimat frå 2,8 til 3,9 milliardar kroner. I vår modell ville denne endringa ført til at vårt totale estimat, basert på kjeldene over, ville lagt mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner.

Heller ikkje i år er estimatet fullt ut samanliknbart med tidlegare år. Årsaka er et vi for 2019 har lagt til grunn ein reduksjon for dei utanlandske selskapa si omsetning i staden for å skrive fram veksten hos Norsk Tipping også for dei utanlandske slik som vi gjorde for 2018.

På Hjelpelinjen dominerer kasinospel og spel frå utanlandske selskap

Hjelpelinja for speleavhengige hadde i 2019 ein ny nedgang i samtaler. Tal samtaler om pengespel fall med to prosent, frå 632 til 621 samtaler. Tall på  førstegongs- samtaler fall med 5 prosent frå 534 til 506. For første år på lenge går andelen kasinospel av hovudproblemspelet innringarane rapporterer ned. Men kasinospel er likevel den heilt dominerande spelkategorien på hjelpelinja.

Tabellen under viser kva spel førstegongs- samtalene i 2019 handla om. Dersom fleire spel har vore omtalte i same samtale, vart det spurt om kva spel som var hovudproblemet.

Hovudproblemspel
(eller det einaste..)
Tal samtalarAndel (%)
Kasinospel (nett)23246 %
Liveodds143 %
Odds8417 %
Poker5010 %
Bingo143 %
Databingo/NT Belago92 %
Hestespel163 %
NT Terminal (Multix)133 %
Lotto/Viking Lotto/
EuroJackpot/Extra/
Joker/Keno/Nabolaget
61 %
Tipping61 %
Skrapespel00 %
Andre pengespel00 %
Pengespel
(ikkje spesifisert)
5611 %
Dataspel
(spel som ikkje er pengespel)
00 %
Totalt506100 %

Spelarane blir også spurde om kva speloperatør dei har spelt hos. Av samtalene om kasinospel er Norsk Tipping åleine nemnd som tilbydar i 5 prosent av samtalene i 2019. I 24 prosent av samtalene blir både Norsk Tipping og utanlandske operatørar nemnde, medan det i 65 prosent av samtalene er utelukkande ein utanlandsk operatør som blir nemnd. I samtalene om odds og liveodds, viser 25 prosent av samtalene til Norsk Tipping og 55 prosent til ein utanlandsk operatør. Ti prosent av samtalen gjeld poker. Her gjeld 78 prosent nettpoker og resten nemner pokerspel i venelag eller pokerklubb.

Totalt blir det vist til ein utanlandsk operatør i 82 prosent av samtalene som gjeld spel der utanlandske speloperatørar tilbyr spel i konkurranse med Norsk Tipping eller nettpoker.

Andelen førstegongssamtaler som gjeld kvinner var i 2019 på 16 prosent. Snittalderen var på 36,8 år. Tabellen under viser kva spel som blir nemnt som problematiske etter alder. Når det gjeld kasinospel og odds- og sportsspel, er det folk i alle aldersgrupper som har problem, sjølv om dei yngste gruppene ser ut til å vere overrepresenterte i desse spela. Når det gjeld poker er trenden at det er unge som har problem tydeleg. Motsett er det dei eldste aldersgruppene som har problem med spel på hest, bingospel og Multix.

Innringarane blir også spurde om dei har spelegjeld på samtaletidspunktet. Her har biletet dei siste åra vore at fleire av spelarane har spelegjeld, og at andelen som har høg spelegjeld har auka. I samtaler der spelegjeld har vore tema, sa 70 prosent at dei hadde ei gjeld på 100 000 eller meir. 44 prosent oppgav at dei hadde spelegjeld på over ein halv million. 16 prosent sa at dei ikkje hadde spelegjeld.

Når det gjeld helsemessige konsekvensar opplyste 85 prosent, der helse var tema, at dei opplevde psykiske plager som følgje av spelinga.