Lotteritilsynet kan etter søknad gi eitt løyve med tre års varigheit til å halde årlege norgesmeisterskap i turneringspoker med inntil fem regionale kvalifiseringsturneringar. Lotteritilsynet lyste hausten 2017 ut løyve for perioden 2018 – 2020 med søknadsfrist 30. oktober 2017.

Kven kan søkje?

Landsdekkande samfunnsnyttige eller humanitære organisasjonar kan søkje om løyve.

Organisasjonen må vere godkjent som lotteriverdig før søknad om å arrangere NM i turneringspoker blir sendt til Lotteritilsynet, jfr. forskrift om lotteritilsynet og lotteriregisteret m.m. §2-1.   Søknad om godkjenning som lotteriverdig organisasjon skal sendast Lotteritilsynet på eige søknadsskjema.

Forskrift til lov om lotterier m.v. § 8  krev at søkjar har «få eller ingen inntekter fra det norske lotteri- eller pengespillmarkedet». Ved vurderinga av om ein organisasjon har få inntekter frå det norske lotteri- eller pengespillmarkedet, skal det leggjast vekt på i kva grad organisasjonen får midlar frå tippenøkkelen eller har løyve til å halde andre lotteri med heimel i lotterilova.

Alle søkjarar må betale eit gebyr på kr. 10.000. Faktura blir sendt ut straks etter søknadsfristen.

Bruk av entreprenør

Søkjar kan knyte til seg ein entreprenør som gjennomfører turneringane på vegner av organisasjonen.

Entreprenør må ha relevant kompetanse til å gjennomføre arrangementet. Det må i søknaden beskrivast kva kompetanse og erfaring turneringsleiar og arrangementsansvarlege har frå tidligare til å gjennomføre store landbaserte pokerturneringer og arrangementer med mange deltakarar over fleire dager. Det skal i tillegg beskrivast kva kompetansekrav søkjar stiller til turneringsleiing og kortutdelarar.

Entreprenøren må vere autorisert før søknad blir sendt til Lotteritilsynet, sjå forskrift om lotteritilsynet og lotteriregisteret m.m.§2.2. Søknad om autorisasjon skal sendast til Lotteritilsynet på eige søknadsskjema.

Vilkår for arrangementet

Dei viktigaste vilkåra for sjølve arrangementet er:

  • Maksimalt 5000 deltakarar.
  • Maksimalt innskot på kr 20 000 per deltakar under norgesmesterskapet.
  • Maksimalt innskot på kr 5 000 i kvalifiseringsturneringane.
  • Maksimal hovudpremie kr 2 000 000.
  • Maksimal andel til entreprenør 20 % av innskotet.
  • Minimum andel til formålet 5 % av innskotet.
  • 18 års aldersgrense på deltakarane.
  • Krav til elektronisk innbetaling av innskot og utbetaling av premie.

Her finn du regelverk for Poker-NM.

Søknadsbehandling

Søknadsfristen var 30. oktober 2017.

Søknadsskjema finn du her (PDF med skrivbare felt).

Søknadskjema med vedlegg skal sendast til postmottak@lottstift.no,
alternativt med post til Lotteritilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Søknadene vil bli vurdert ut i frå den informasjonen som vi har fått innan søknadsfristen.
Alle søknader vil vere ferdigbehandla av Lotteritilsynet innan 1. desember 2017.

Har du spørsmål, ta kontakt med seniorrådgjevar Frank Hoff Hana eller rådgjevar Trygve Hermansen.