spilleansvarskonferansen-2016-logoSpeleansvarskonferansen 2016 vart arrangert av Lotteritilsynet på Thon Hotel Opera i Oslo den 25. oktober 2016. 

Ca. 125 personer deltok på konferansen.

Handlingsplan mot speleproblem

Regjeringa vedtok i november 2015 ein ny Handlingsplan mot spilleproblem. Eitt av delmåla i handlingsplanen er at ‘Kunnskap skal deles mellom ulike aktører i pengespill og dataspill’. For å nå dette målet skal det difor arrangerast regelmessige nasjonale konferansar om spel og speleproblem.

Speleansvarskonferansen 2016

I Norge har arbeidet med å førebyggje speleproblem skjedd steg for steg. Resultatet er at vi har ei relativt streng regulering av pengespelmarknaden. På Speleansvarskonferansen 2016 ville vi setje søkjelyset på det langsiktige arbeidet med speleansvar og regulering gjennom årets tema:
Speleansvar – gir langsiktig arbeid resultat?

På konferansen la Universitetet i Bergen fram ein ny rapport om korleis speleåtferda har endra seg for ei gruppe spelarar over ein toårs-periode. Vi fekk også høyre om korleis fleire organisasjonar jobbar både med påverking av myndigheitene og behandling av speleavhengige. Thomas Nilsson, svensk ekspert og psykolog, vurderte arbeidet med speleansvar i Norge sett utanfrå, og på konferansen var også ein tidlegare speleavhengig som foralde og delte sine eigne erfaringar som speleavhengig.

Sjå konferanseprogrammet, med lenker til presentasjonane.