Som eitt av delmåla i 'Handlingsplan mot spilleproblem' skal Lotteritilsynet regelmessig arrangere konferanser om speleproblem og speleansvar.

Speleansvarskonferansen 2018

Speleansvarskonferansen 2018 blir på Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo den 23. oktober. 

Kulturminister Trine Skei Grande opnar konferansen.

Konferansen er gratis og varer frå kl 9 til kl 15 inklusiv lunsj. Påmelding innen 25. september.
Les lenger nede om mange spennande tema som står på programmet, og ..

Meld deg på Speleansvarskonferansen 2018

Korleis jobbar bransjen med speleansvar?

Både Norsk Tipping og Norsk Rikstoto er pålagt å samle data om, og overvake, spelemønsteret til kundane sine. Innsamling av slike personlege data skal brukast til å verne spelaren.

Til årets konferanse har vi invitert dei norske speleoperatørane, og i tillegg Mr. Green Ltd., eit av dei uregulerte selskapa, for å formidle korleis dei brukar innsamla data om sine kundar.

Norsk Tipping har fått mykje merksemd fordi dei bruker denne informasjonen til å kontakte spelarar som viser teikn på problematisk speleåtferd. På konferansen vil Tanja Sveen legge fram resultat frå forsking på korleis slike proaktive samtaler faktisk verkar.

Norsk Rikstoto har laga eit omfattande rammeverk for ansvarleg spel, der også dei er i gang med å samle data om korleis kundane spelar. Korleis systemet er bygd opp og korleis Norsk Rikstoto har jobba med speleansvar det siste året blir presentert av Carl Fredrik Stenstrøm på konferansen.

Jesper Kärrbrink frå Mr. Green Ltd. vil formidle korleis dei brukar innsamla data om sine spelarar, og korleis dei tilnærmar seg problemstillinga omkring ansvarleg spel.

Kva kostar pengespel samfunnet?

Mange gode formål i Norge får store beløp frå pengespel. Men kva kostar det eigentleg for samfunnet at enkelte får problem med dette? Det er ikkje lett å finne eit enkelt og eintydig svar, men den tyske forskaren Dr. Ingo Fiedler frå Universitetet i Hamburg har sett på nettopp desse samanhengane, og kjem til konferansen for å fortelje om sine funn.

Spelforsking

Kva skjer på forskingsfronten i Norge når det gjeld spelforsking, og kva kan vi vente av forsking framover? På konferansen vil Ståle Pallesen frå Universitetet i  Bergen presentere det nye Nasjonale kompetansesenteret for spillforsking (SPILLFORSK).

Ny handlingsplan og rapport om marknadsføring

Gjeldande handlingsplan mot speleproblem går ut i 2018, og forslag til ny plan vil bli presentert på konferansen. Det same vil hovudfunna i rapporten om marknadsføring av pengespel som kom tidlegare i år.

Sjå konferanseprogrammet.

Meld deg på Speleansvarskonferansen 2018