Lotteritilsynet får mange spørsmål frå publikum om nettverkssal og pyramideliknande aktivitetar. På generelt grunnlag åtvarar vi folk mot å delta i nettverksverksemd der det blir lova stor økonomisk vinning. Dette gjeld spesielt der vinninga i stor grad kjem frå verving av nye deltakarar.

Ulike pyramidar

Pyramidestrukturen er felles for både pyramidespel og Multi Level Marketing-verksemd (MLM). Ei MLM-verksemd vil som oftast vere lovlig og pyramidestrukturen er fundamentet for arrangementet, men er i seg sjølv ikkje hovudårsak til innteninga. Verksemder som i realiteten er ein ulovlig pyramide, vil ofte omtale seg sjølv som eit MLM-selskap. Dette gjer at det er vanskelig å skilje ei lovleg MLM-verksemd frå ein ulovlig pyramide.

Har du blitt kontakta av nokon som driv med direktesal og vil rekruttere deg som medlem? Vi har utvikla eit verkty der du kan teste om eit selskap kan vere eit ulovleg pyramidespel. Testen gir deg informasjon som kan hjelpe deg til å ta rett val.

Test om selskapet er eit ulovleg pyramidespel

Typisk ulovlig pyramide

Ein ulovlig pyramide oppstår når størstedelen av inntekta blir kopla til vervinga, slik at selskapet/deltakaren si inntekt stammar direkte eller indirekte frå vederlaget for å delta. Inntekta er såleis avhengig av stadig vekst av nye deltakarar på lågare nivå.

Kjenneteikn

Dersom du blir lova store inntekter på innteninga til dei personane du vervar, på fleire nivå under deg, vil det vere eit klart teikn på ein pyramide. Her blir pengane flytta oppover i systemet, og det er dei som sit øvst, som først og fremst tener på det.

“Tommelfingerregel”

Pengar ynglar ikkje av seg sjølv. Om nokon på toppen tener mykje, kan det skuldast at mange lenger nede i systemet taper pengar. Dersom inntekta di er avhengig av at du og dei du har verva, heile tida vervar nye medlemmer eller får eksisterande medlemmer til å oppgradere sine medlemskap, vil ikkje verksemda kunne overleve på lang sikt.

Les meir om bestemmelsane om pyramidespel i lotterilova § 16.

Spørsmål du bør stille deg sjølv før du vel å delta i noko som liknar på ein pyramide

  • Er det kjøpeplikt og/eller månadleg medlemsavgift, og er denne medlemsavgifta høg
  • Må du betale for å bli medlem før du får vite kva heile verksemda eigentleg går ut på?
  • Kan du berre kjøpe produkta som ein del av medlemspakken når du blir verva eller oppgraderer medlemskapen, eller kan du kjøpe produkta utan å vere medlem? (Dersom du må bli medlem for å kjøpe produkta, bør varsellampene lyse).
  • Er det angrefrist ved bestilling?
  • Er det innfløkte bonus- og verveordningar som det er vanskeleg å få fullstendig oversikt over?
  • Marknadsfører verksemda seg med at du får inntekt av at dei du har verva, vervar nye medlemmer, eller er det ditt sal av produkt som gir inntekt
  • Får du ein del av inntektene ut som aksjar i verksemda? (Dette kan vere eit teikn på at det er fiktive verdiar i verksemda.)

Ver skeptisk viss du ikkje har gode svar på desse spørsmåla:

  • Finst det fagleg dokumentasjon på at produkta/tenestene som blir selde, er gode?
  • Kostar produkta mykje når du ser på prisen i forhold til innhaldet?
  • Er dette produkt som du trygt kan anbefale slekt og venner?
  • Kjem det klart fram kven som står bak produkta, og er det lett å komme i kontakt med dei?
  • Er verksemda registrert i Brønnøysundregistra?

Har du tips om ulovleg pyramideverksemd? Tips oss her.