Reglar for lotteri på 17. mai

Mange lurer på korleis dei kan arrangere lotteri og basar på 17. mai. Her finn du reglane som gjeld.

Skulane kan arrangere smålotteri om inntektene går til å drifte 17. mai-arrangementet

Mange ønsker å selge lodd før sjølve nasjonaldagen. Løysinga kan då vere å arrangere smålotteri. Vanlegvis er det berre ideelle og frivillige lag og organisasjonar som kan arrangere smålotteri, til inntekt for formålet sitt. Lotteritilsynet gjer eit unntak for nasjonaldagen, slik at Foreldrearbeidsutval (FAU) eller skulens 17. mai-komité kan arrangere lotteri, så lenge inntektene går til å drifte 17. mai-arrangementet. Eit eventuelt overskot kan ikkje overførast til skuleklasser eller kome ei snever gruppe menneske til gode, men må overførast til neste 17. mai. Sal av lodd kan starte før 17. mai.

Andre reglar for smålotteri

Her er andre reglar for smålotteri som også må følgast:

  • Du kan maks tjene 200 000 kroner på lotteriet.
  • Det skal leverast ein enkelt rekneskapsrapport seinast ein månad etter at lotteriet er ferdig.
  • Skrapelodd kan ikkje brukast i smålotteri.
  • Pengepremiar kan ikkje brukast som gevinst i lotteriet.
  • Vi tilrår at gevinstverdien bør utgjere minst 25 prosent av planlagt omsetning.
  • Gåvekort kan brukast som gevinst så lenge desse berre kan vekslast inn i varer og ikkje direkte i kontantar.
  • Gevinstar skal trekkast på førehand eller i etterkant på ein bestemt dato.

Ønsker organisasjonen din å arrangere eit tradisjonelt lotteri med omsetning over 200 000 kroner, må dei søke Lotteritilsynet om løyve til å arrangere lotteriet.

Les meir om korleis du kan arrangere smålotteri her.

Den enklaste forma for lotteri er basar

Basar er den enklaste forma for lotteri, og er den lotteriforma mange brukar på nasjonaldagen. Alle kan arrangere basar, og det er ikkje krav til innmelding eller rapportering av rekneskap. Ein basar kan ikkje arrangerast digitalt.
Her er dei andre krava til basar:

  • Kvart enkelt lodd kan ikkje koste meir enn fem kroner
  • Enkeltgevinstar kan ikkje ha ein større verdi enn 8000 kroner, og samla gevinstverdi på basaren må vere under 40 000 kroner.
  • Gevinstane må trekkast med loddkjøpar til stades. Dette kan skje enten samla, eller ved bruk av lynlotteri, der det er trekning utan opphald, som i eit kakelotteri.
  • Det er ikkje lov å selje lodd til ein basar 17.mai før på sjølve nasjonaldagen.
  • Gjettekonkurransar som blir arrangert 17.mai vil kunne vere ein basar. Men hugs at det ikkje skal koste meir enn fem kroner å delta (for kvart tips) og at gevinsten må vere innanfor krava som er skissert.