I søknadsskjemaet blir du bedt om å legge inn informasjon om kvart enkelt arrangement eller kvar enkelt aktivitet.

Før du går inn i søknadsskjemaet er det lurt å finne fram:

  • Budsjett og rekneskap for arrangementet/aktiviteten.
  • Rekneskap frå tidlegare samanliknbare arrangement/aktivitetar, dersom du har det.

Du skal ikkje laste opp vedlegg som dokumentasjon i søknaden, men du må kunne legge fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Gå til søknadsskjema

Søknadsfristen er 15. september.

Her kan du sjå døme på korleis du kjem fram til tala du skal fylle inn i søknadsskjemaet:

Når du har sendt inn søknaden får du ei kvittering på e-post.

Det er søkar sitt ansvar å legge rette opplysningar inn i søknaden. Lister med nøkkelinformasjon frå søknadane blir publisert på nettsidene våre. Vi behandlar søknadane og betalar ut puljevis så raskt vi kan, men vi ber om forståing for at vi ikkje kan svare på saksbehandlingstid for enkeltsøknadar.

Har du fleire spørsmål? Her kan du finne spørsmål og svar.