Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Det er søkar sitt ansvar å legge inn rette opplysningar i søknaden. Lister med nøkkelinformasjon frå søknadane blir publisert på våre nettsider. Vi behandlar søknadane og betalar ut så raskt som mogleg, og i fleire puljer.

I søknadsskjemaet blir du bedt om å legge inn informasjon om kvart enkelt arrangement/aktivitet.

Før du går inn i søknadsskjemaet er det lurt å finne fram:

  • Budsjett og rekneskap for arrangementet/aktiviteten.
  • Rekneskap frå tidligare samanliknbare arrangement/aktivitetar, dersom du har det.

Sponsor- og reklameinntekter og pengegåver blir ikkje kompensert i denne ordninga, og skal ikkje takast med i søknaden.  

Søker du kompensasjon for meir enn 25 arrangement må du sende inn ein ny søknad frå arrangement 26 osv. De kan samle like arrangement, for eksempel seriespel eller cupspel. Det vil seie at de ikkje treng å sende inn ein søknad for kvar enkelt kamp.

Definisjonar – omgrepsavklaring

  • Budsjettert inntekt: Budsjettert inntekt er alle inntektene de budsjetterte med for arrangementet/aktiviteten, bortsett frå budsjetterte sponsor- og reklameinntekter og pengegåver. Sponsor- og reklameinntekter og pengegåver blir ikkje kompensert.
  • Faktisk inntekt: Faktisk inntekt er alle inntektene de faktisk har mottatt i forbindelse med arrangementet/aktiviteten. Faktiske sponsor- og reklameinntekter og pengegåver skal ikkje takast med.
  • Bortfalte kostnader er kostnader de har lagt inn i budsjettet, men som de har spart fordi arrangementet eller aktiviteten ikkje blei gjennomført. Bortfalte kostnader knytt til sponsor- og reklameinntekter og pengegåver skal ikkje takast med.
  • Inntektsbortfall er budsjettert inntekt minus bortfalte kostnader og faktisk inntekt.
  • Frådrag: Dekning frå forsikringar, avtaler eller kompensasjon frå andre statlege kompensasjonsordningar.

Det som blir kompensert er budsjettert inntekt minus bortfalte kostnadar og faktisk inntekt. Frådrag skal også trekkast frå. 

Her kan du sjå døme på korleis du kjem fram til tala som skal inn i søknadsskjemaet:

Eksempel 1: Kompensasjon i samband med eige arrangement.

Eksempel 2: Kompensasjon i samband med utleige.

Eksempel 3: Kompensasjon i samband med mista oppdrag.

Eksempel 4: Kompensasjon i samband med tapte billettinntekter frå anna enn arrangement.

Andre opplysningar

Inntektsbortfallet skal så langt det er mogleg kunne dokumenterast ved å vise til rekneskap frå tidlegere samanliknbare arrangementer eller spesifiserte aktivitetar.

Du skal ikkje legge ved dokumentasjon i søknaden, men må kunne legge fram dokumentasjon dersom vi spør om det.

Slik søker du:

  1. Logg inn med ID-porten
  2. Vel organisasjon og oppgi kontaktperson
  3. Fyll ut eigenerklæring
  4. Legg inn informasjon om kvart enkelt arrangement/aktivitet. Like arrangement over en periode kan slås sammen.
  5. Send inn

Søknaden blir lagra undervegs. Dvs. at dersom du ikkje får ferdigstilt søknaden første gong, kan du når som helst gå tilbake og fullføre søknaden.

Når søknaden er sendt inn vil du motta ein e-post med kvittering på innsendt søknad vedlagt ein kopi av søknaden.

Søknadsfristen er 15. januar.

OBS: Akkurat no har vi problem med kvitteringsmelding etter at  søknaden er levert. Det blir jobba med å rette dette.

Søk her

Har du spørsmål? Vi tilrår at du ser innom våre spørsmål og svar om ordninga.

Du kan også kontakte oss på krisepakke@lottstift.no. Husk å legge ved telefonnummer slik at vi kan ringe deg ved behov.