Kvar gong du ser reklame frå eit utanlandsk spelselskap, så bryt dei norske reglar. Dette er fordi dei utanlandske spelselskapa ikkje har lov til å tilby og reklamere for sine pengespel på nett uten løyve frå Lotteritilsynet.

Kvifor er det slik?

Spelmonopolet som gir Norsk Tipping og Norsk Rikstoto einerett til å tilby pengespel på nett er først og fremst fastsett for å beskytte folk mot speleavhengigheit. Folk skal ikkje spele bort meir pengar enn dei har råd til å tape. I tillegg går overskotet tilbake til norsk frivilligheit, idrett, hestesport og kultur – og ikkje til private eigarar. Enkelte er uenige i dette systemet, mens andre synes det er positivt. Men slik er norsk lov. Torer du å stole på eit spelselskap som ikkje følgjer norsk lov?

bloggere og kjendsambassadører

Bryt spelereglane kvar dag

Utanlandske spelselskap bryt dei norske spelereglane kvar einaste dag:

  • Dei tilbyr og marknadsfører pengespel i Norge utan å ha løyve.
  • Dei har nettsider på norsk og gir seg ut for å vere lovlege, norske selskap.
  • I snitt sender dei 62 reklamefilmar i døgnet på TV retta mot nordmenn.
  • Dei allierer seg med norske kjendisar som ambassadørar.

Men det er jo lov å spele på utanlandske nettsider?

Det stemmer at du ikkje gjer noko ulovleg når du spelar på utanlandske nettsider. Vi vil ikkje ta frå deg spelegleda, men gjere deg merksam på at norske spel er tryggare. For sjølv om du har lov til å spele, tar du ein risiko.

Enarmet banditt

Når du spelar hos eit utanlandsk spelselskap, kan du risikere

  • å tape veldig mykje pengar på kort tid – for dei har ingen absolutte tapsgrenser
  • å bli svartelista dersom du vinn for mykje – for dei vil jo ikkje tape pengar
  • å få problem med utbetaling av gevinst – for dei opererer ikkje lovleg i Norge
  • å bli lokka til å spele meir ved hjelp av bonusar og VIP-ordningar sjølv om du prøver å slutte å spele – for dei er mest opptatt av å tene pengar
  • å måtte betale skatt på gevinsten – for slik er reglane

Kven passar på deg?

Vi har ikkje myndigheit til å hjelpe deg viss du får problem med utanlandske spelselskap. Desse har lisens i andre land, med lågare krav til ansvarlege spel enn i Norge. Du vel sjølv om du vil spele hos desse selskapa, men du må vite at du gjer det med ein risiko.

I Norge passar vi på at Norsk Tipping og Norsk Rikstoto følgjer norske spelereglar. Dei er dei einaste som har lov å tilby og marknadsføre pengespel på nett til nordmenn. Vi passar på at nettspela og spelereklamen deira ikkje blir for aggressiv, slik at det kan føre til speleproblem. Vi passar på at det ikkje er råd å tape meir enn 10 000 kroner i månaden på dei mest vanedannande nettspela. Vi passar på at dei ikkje brukar bonusar, autoplay og VIP-ordningar.