Beslagsfridom vil seie at den du skuldar pengar (kreditoren), ikkje kan ta beslag i dei midlane som er gjort beslagsfrie. Det skal oppnemnast tillitsmann for midlane som blir gjort beslagsfrie. Du som eig av midlane, vil berre rå over avkastninga til midlane.

Kva midlar kan gjerast beslagsfrie?

(jf. dekningslova § 2-7 bokstav d til g)

d) underhaldsbidrag som du (skuldnaren) har krav på til deg sjølv
e) pensjon eller annan yting etter lovgivinga om offentleg trygd eller liknande
f) erstatning eller oppreising for skade på lekam eller helse eller for tap av forsørgjar
g) midlar innsamla offentleg til skuldnaren

Når kan du få gjort midlane beslagsfrie?

Stiftelsestilsynet kan, etter søknad, bestemme at midlane skal vere beslagsfrie. Stiftelsestilsynet kan ta ei slik avgjerd både før og etter at du har fått midlane (jf. dekningslova § 3-9 første ledd).

Omsynet bak regelen er at dersom beløpet er erstatning for tap i framtidig erverv, vil det vere klart urimeleg om kreditorane på utbetalingstidspunktet skulle kunne legge beslag på beløpet som skal tene til framtidig underhald.

Kven kan søkje om å få gjort midlane beslagsfrie – og når?

Det er den som skal få eller har fått midlane, som kan søkje Stiftelsestilsynet om å få gjort midlane beslagsfrie. Du kan søkje både før og etter at du har fått midlane. Dersom du søkjer etter at det er gjort beslag i midlane, må du sende søknaden innan éin månad etter beslagstidspunktet (dekningslova § 3-9 første ledd).

Når kan kreditorane ikkje lenger ta beslag i midlane dine?

Frå du søkjer Stiftelsestilsynet og fram til søknaden er avgjort, kan ikkje kreditorane ta beslag i beløpet. Beslag som er teke i beløpet, taper sin verknad dersom det blir gjort vedtak om beslagsfridom. Dette gjeld likevel ikkje beslag som er gjort tidligare enn éin månad før du sende søknad om beslagsfridom (jf. dekningslova § 3-9 andre ledd).

Tillitsmann

Dersom midlane blir gjort beslagsfrie, skal Stiftelsestilsynet nemne opp ein tillitsmann. Du som er eigar av dei beslagsfrie midlane, skal foreslå tillitsmann. Tillitsmannen må vere ein bank, ein advokat eller fylkesmannen.

Kva med omsynet til kreditorane?

Kreditorane dine er part i saka når du søkjer om beslagsfridom. Som del av vår sakshandsaming vil vi sende ein kopi av søknaden om beslagsfridom til kreditorane dine, slik at dei kan uttale seg om dette ( jf. stiftelseslova § 49).

Kva må du leggje ved søknaden?

–  oversikt over alle kreditorar – med deira adresser
–  grunnlaget for dei midlane det blir søkt beslagsfridom for

Dersom du søkjer om beslagsfridom for erstatning, må du leggje ved dokumentasjon på erstatninga og ei oversikt over kva erstatning det er tale om.

Bruk hjelpeskjema som sjekkliste for søknad om oppheving av privat beslagsfridom.

Har du spørsmål?  Bruk vårt kontaktskjema.