Følgjande saksgang gjeld ved samanslåing av stiftelsar:

  1. Når Stiftelsestilsynet har gjort vedtak om samanslåing, vil tilsynet som hovudregel kunngjere vedtaket.
  2. Ved kunngjering får kreditorane ein frist på seks veker til å komme med innvendingar mot samanslåinga.
  3. Når fristen for innvendingar er gått ut, og eventuelle krav frå kreditorar er handsama, skal styra sende ei fråsegn til Stiftelsestilsynet om at forholdet til kreditorane ikkje er til hinder for omdanning. Fråsegna skal vere underteikna av styret og revisor.
  4. Stiftelsestilsynet registrerer omdanninga i Stiftelsesregisteret.
  5. Samanslåinga er gyldig frå registreringstidspunktet.
  6. Overdragande stiftelse(r) blir deretter sletta i Stiftelsesregisteret.

Gå tilbake til ‘samanslåing av stiftelsar’.