Stiftelseskonferansen 2017

Skriv ut Lytt til teksten

Foto: Jostein Vedvik

Stiftelseskonferansen 2017

var i Førde, 26. og 27. april.

Fagleg program

Realisering av formålet er hovudoppgåva for alle stiftelsar. Stiftelsen skal bygge og bevare tilliten i samfunnet, samtidig som ulike dilemma må løysast på ein forsvarleg måte. Etikk, omdømme og god kommunikasjon blir dermed viktige stikkord i det daglege arbeidet for alle stiftelsar.

I år var difor “Omdømme, kva er det og kva betyr det for stiftelsen?” valt som gjennomgåande tema. På konferansen blei deltakarane også oppdatert om nytt på stiftelsesområdet, som arbeidet med ny stiftelseslov og Temaundersøkelsen 2016.

Blogg

Nokre av bidragsytarane har blogga om årets konferanse:

Sosialt program

Onsdag kveld (26. april) inviterer vi konferansedeltakararne med på ‘Mat og kulturoppleving’ på
Villa Åmot i Bygstad, omlag ein halvtimes busstur frå konferansehotellet. Her vil vi få servert førsteklasses mat basert på lokale råvarer frå Sunnfjord og underhaldning ved Helene Bøksle.

Konferansehotellet er som vanleg Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde.

Påmelding

Det er nær 190 påmelde. Her kan du sjå deltakarlista for konferansen.

Sjå også Stiftelseskonferansen 2017 på Facebook.

Velkomen til Førde og Stiftelseskonferansen 2017.